Monroedoktrinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
President James Monroe

Monroedoktrinen var eit amerikansk politisk prinsipp, introdusert av president James Monroe 2. desember 1823 i si State of the Union-tale til den amerikanske kongressen. Doktrina var skriven av utanriksminister og seinare president John Quincy Adams og slo fast at USA ikkje ville tillate europeiske makter å kolonisere eller gripe inn i statar i Nord- eller Sør-Amerika. Det skulle ikkje lenger vere tillate for europeiske makter å å kolonisere område på den vestlege halvkula og USA skulle ikkje kunne gjere tilsvarande overfor europeiske land.

Doktrinen vart lansert i ei tid då mange latinamerikanske land stod på randen til å bli sjølvstendige frå Spania, og USA ønskte å unngå at andre europeiske land skulle overta desse koloniane. Det var likevel Russland sine krav på det nordvestlege Nord-Amerika, som var hovudgrunnen, og doktrinen hindra russiske skip i å gå inn i vestkysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]