Monsuntråg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til ITCZ og monsuntråg i august i Stillehavet synt som eit område med konvergerande straumlinjer nord i Stillehavet

Eit monsuntråg er ein del av den intertropiske konvergenssonen (ITCZ) som strekkjer seg inn i eller gjennom ein monsunsirkulasjon,[1][2] og er vist som ei linje på eit vêrkart gjennom området med lågast lufttrykk.[1] og slik sett er det ei konvergenssone mellom vindmønster på den sørlege og nordlege halvkula. Dei vestlege monsunvindane ligg på ekvatorsida, medan dei austlege passatvindane ligg på polsida av tråget.[3] Gjennom denne aksen kan det oppstå kraftig regnvêr. Når tråget passerer på polsida av ein stad, kan staden få varmt og tørt vêr. Monsuntråget spelar ei viktig rolle for skapinga av regnskogane i verda.

Uttrykket «monsuntråg» vert oftast nytta i monsunområde vest i Stillehavet som Asia og Australia. Forflyttinga av ITCZ/monsuntråget over ein landmasse er starten på den årlege regntida om sommaren. Lågtrykk og tropiske syklonar oppstår ofte i nærleiken av monsuntråget og begge kan medføre særs store nedbørsmengder i løpet av kort tid.

Rørsle[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til ITCZ og monsuntråget i Stillehavet i februar.

Monsuntråga vest i Stillehavet er på det kraftigaste seint på sommaren når høgtrykka vinterstid på den motsette halvkula er på det kraftigaste. Tråget kan nå saå langt nord som 40 ºN i august og så langt sør som 20 ºS i Australia i februar. Forflyttinga mot polane vert forsterka når sommarmonsunen oppstår som følgje av lågare lufttrykk over dei varmaste delane landmassane.[4][5][6]

Vindpåverknad[endre | endre wikiteksten]

Auke i den relative virvlinga med monsuntråga kjem normalt av auka vindkonvergens i konvergenssonen. Ein auke i vinden kan føre til ein auke i konvergensen. Ei forsterking eller ei forflytting mot ekvator for den subtropiske ryggen kan fosterke monsuntråget, sidan vinden i tråget vert kraftigare. Når frontar flyttar seg gjennom subtropane og tropane på vinterhalvkula, kan ein auke i vinden forflytte seg over ekvator i havområde og forsterke monsuntråget på sommarhalvkula.[7] Ein kan sjå at slike område med kraftigare vind har nådd eit monsuntråg ved at det oppstår kraftige torevêr i monsuntråget.[8]

Lågtrykk i monsuntråget[endre | endre wikiteksten]

Monsunlågtrykk nær Bangladesh

Om det oppstår ein sirkulasjon i monsuntråget kan desse konkurrere med nærliggande termale lågtrykk over kontinentet og ein vil få ein vindauke rundt trykksenteret. Dette vert kalla monsunlågtrykk. Desse lågtrykka er vanlegvis asymmetriske og har som regel den kraftigaste vinden på austsida.[8] Nær senteret av lågrykket finn ein lett og variabel vind, medan ein finn band av byger og torevêr i sirkulasjonen.[9]

Lågtrykka oppstår når ein jetstraum på polsida og vest for systemet fører til divergent luft i høgda og på den måten til eit trykkfall på bakken.[10] I India oppstår seks til sju slike lågtrykk kvart år,[4] og talet på dei aukar i Bengalbukta i juli og august under El Niño-hendingar.[11] Lågtrykka kan føre med seg store nedbørmengder og stader kan få heile årsnormalen sin i løpet av kort tid når dei passerer over tørre område som outback i Australia.[12]

Rolle i tropisk syklogenese[endre | endre wikiteksten]

Månader med størt tropisk syklonaktivitet i verda
For meir om dette emnet, sjå tropisk syklogenese.

Eit monsuntråg er eit viktig område for danning av tropiske syklonar. Dei er virvlingsrike område og ei eksisterande forstyrring nær overflata, som er ei av dei seks krava som må slå til for at ein skal få danna tropiske syklonar.[13] Det ser ut til å vere ein 15-25 dagars syklus i torevêrsaktiviteten som er knytt til monsuntråga, og dette er om lag halve bølgjelengda til Madden-Julian-oscillasjonen eller MJO.[14] Dette ser ein òg att i skapinga av tropiske syklonar, der dei gjerne oppstår tett etter kvarandre i løpet av 2-3 veker, etterfølgd av 2-3 veker med lite aktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]