Mont Saint-Michel

Koordinatar: 48°38′08″N 1°30′40″W / 48.63556°N 1.51111°W / 48.63556; -1.51111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mont-Saint-Michel)
Mont Saint-Michel

Mont Saint-Michel er ei lita steinete tidvassøy i Normandie, om lag ein kilometer frå nordkysten av Frankrike ved munningen av elva Couesnon nær Avranches.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Mont Saint-Michel: Utsyn over omgivnadane (2006)

Mont Saint-Michel ligg i Normandie i departementet Manche. Øya er ein stor granittknaus med ein omkrets på om lag 960 meter, og som strekkjer seg 92 meter over havnivå. Øya er tileigna erkeengelen Mikael. Den unike arkitekturen på Mont Saint-Michel gjer staden til ein av dei mest vitja turistattraksjonane i Normandie, og den tredje mest vitja i Frankrike (etter Eiffeltårnet og slottet i Versailles) med om lag 3,2 millionar vitjande kvart år. Staden vart klassifisert som ein historisk bygning alt i 1874, og sidan 1979 har han stått på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja er krona av ein gullstatue av St. Mikael, som når ei høgd på 155 meter over havnivå, og som er laga av Emmanuel Frémiet.

Ein innbyggjar frå Mont-Saint-Michel vert kalla ein montoi.

Danning[endre | endre wikiteksten]

I førhistorisk tid var bukta dekt av sjø, som trekte seg tilbake under istidene slik at erosjon kunne forma kystlandskapet over millionar av år. Fleire blokker av granitt eller granulitt dukka opp i bukta, og motstod erosjonen frå havet betre enn dei omliggande knausane av mjukare bergartar. Av desse fjellknausane finne ein mellom anna Lillemer, Mont-Dol, Tombelaine og Mont Tombe, seinare kalla Mont Saint-Michel.

Tidvassøy[endre | endre wikiteksten]

Mont Saint-Michel i solnedgang, sett frå vegfyllinga.

Mont-Saint-Michel var tidlegare forbunde til fastlandet via eit tynt, naturleg landsamband, som før moderniseringa var under vatn ved flo sjø. Mont Saint Michel var derfor ei øy halvparten av tida, og knytt til fastlandet den andre halvparten, altså ei tidvassøy.

Staden har derimot endra karakter på grunn av seinare utviklingar. Gjennom hundreåra har kystflatene vorte polderisert for å danne beitemarker. Mont-Saint-Michel har dermed kome nærare kysten og elvemunningen. Elva Couesnon har vorte kanalisert, noko som har redusert vasstraumen i elva, og dermed auka avleiringa i bukta. I 1879 vart landsambandet utbygd med ei vegfylling, som ikkje vart dekt av floa. Dette hindra òg tidvatnet i å reinse mudderet rundt knausen. Det er fortida planar om å erstatte vegfyllinga med ei bru og skytteltrafikk.

I 2006 annonserte den franske statsministeren Dominique de Villepin starten på eit prosjekt på 150 millionar for å byggje eit hydraulisk dike, som vil hjelpe på fjerninga av mudderet, og gjere Mont Saint-Michel ei øy igjen. Etter planen skal dette stå ferdig i 2012.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mont Saint Michel frå sør

Mont Saint-Michel vart nytta av armoricanarar frå romano-bretagne-kulturen på 500- og 600-talet, før ho vart plyndra av frankarane. Med det enda kulturen som gjekk på tvers av kanalen, som hadde vart sidan romarane trekte seg tilbake i år 459.

Før det første klosteret vart oppretta på øya på 700-talet vart øya kalla Mont Tombe. I følgje legenda synte erkengelen Mikael seg for St. Aubert, biskop av Avranches, i 708 og han instruerte Aubert til å byggje ei kyrkje på knausen. Aubert ignorerte fleire gongar engelen, før Mikael brann eit hòl i skallen til biskopen med fingeren sin.

Klippa vart strategisk viktig i 933 då William «Longsverd» annekterte Cotentin-halvøya. Dette er vist på Bayeuxteppet, som viser slaget ved Hastings i 1066. Hertugleg vern finansierte den praktfulle normanniske arkitekturen til klosteret dei følgjande hundreåra.

Under Hundreårskrigen prøvde engelskmennene fleire gonger å erobre øya, men delvis på grunn av dei utbetra festningsverka til klosteret klarte dei det ikkje. Les Michelettes, to smijernskanonkuler som engelskmennene la igjen etter ei mislykka omleiring i 1423-1424 ligg framleis utanfor den ytre forsvarsmuren.

Nokre gamle bygningar i landsbyen er framleis inntakt.

Rikdomen og påverknaden til klosteret dekte fleire dotterstiftingar, mellom anna St Michael's Mount i Cornwall i England. Rolla som populært og prestisjefullt pilegrimssenter vart mindre viktig etter Reformasjonen, og under Den franske revolusjonen var det berre få munkar att. Klosteret vart stengd og omgjort til fengsel, opphavleg for å halde geistlege motstandarar av det republikanske regimet. Seinare vart det eit viktig politisk fengsel, men i 1836 prøvde framståande personar, inkludert Victor Hugo, å gjenopprette det dei meinte var ein nasjonal arkitekturskatt. Fengselet vart til slutt stengd i 1863, og klippa vart til slutt erklært for eit historisk monument i 1874. Mont Saint Michel og bukta rundt vart ført opp på UNESCO si verdsarvliste i 1979.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Planteikning av klippa av Eugène Viollet-le-Duc

William de Volpiano, den italienske arkitekten som hadde bygd Klosteret i Fécamp i Normandie, vart vald som entreprenør av Richard II av Normandie på 1000-talet. Han utforma ei kyrkje i romansk stil, og plasserte vågalt tverrskipkrysset på toppen av klippa. Mange krypter og kapell vart bygd under jorda for å kompensere for denne vekta, og desse danna grunnlaget for strukturen ein kan sjå i dag. I dag vert Mont Saint-Michel sett på som ei kyrkje med gotisk arkitektur.

Robert de Thorigny, ein stor tilhengjar av Henrik II av England (som òg var hertug av Normandie) forsterka strukturen til bygningane og bygde hovudfasaden til kyrkja på 1100-talet. I 1204 allierte bretagnaren Guy de Thouars seg med kongen av Frankrike og tok sete på klippa. Etter å ha sett kommunen i brann og massakrert folkesetnaden vart han tvungen til å slå ned ein tilbaketrekking bak dei kraftige murane i klosteret. Uheldigvis sette brannen han sjølv hadde starta fyr på bygningane og taket fall saman. Skremd av vondskapen og avtvinginga til sin allierte tilbaud Filip Augustus abbed Jourdain ei gåve til oppføringa av nye bygningar i gotisk stil, som mellom anna inkluderte spisesal og ein klostergang.

Karl VI la til fleire festningsverk rundt klosteret, bygde tårn, fleire borggardar og forsterka festningsvollane.

Tjukk gjørme ligg ved breidda til elva Couesnon ved fjøre sjø.

Tidvatn[endre | endre wikiteksten]

Tidvatnet i området snur raskt, og vart skildra av Victor Hugo som «à la vitesse d'un cheval au galop» eller «raskt som ein galopperande hest». Tidvatnet kjem faktisk inn med om lag ein meter i sekundet.

Tidvatnet kan variere ein stor del, og skilnaden mellom flo og fjøre er om lag 14 meter. Pilegrimane som kryssa tidvasslettene i mellomalderen kalla staden «St. Mikael i sjøfare», og det kan framleis vere farleg for vitjande å gå utanfor vegfyllinga og ned på sanden rundt klippa. I tillegg er det mogeleg å verte fanga i kvikksand, noko som har kravd fleire liv.

Spiret på Mont Saint-Michel er synleg frå borggarden utanfor klosteret.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Øya høyrer til den franske kommunen Le Mont-Saint-Michel, i det franske departementet Manche i regionen Basse-Normandie. Folketalet i 1999 var på 50 personar. Den næraste større byen med SNCF-togstasjon er Pontorson.

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mont Saint-Michel
Reiseguide for Mont Saint-Michel frå Wikivoyage

48°38′08″N 1°30′40″W / 48.63556°N 1.51111°W / 48.63556; -1.51111