Mont Aigoual

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mont Aigoual
fjell
Austsida av Mont Aigoual
Land  Frankrike
Fjellkjede Massif Central
Høgd 1 567 moh.
Primærfaktor 730 m
Koordinatar 44°07′N 03°35′E / 44.117°N 3.583°E / 44.117; 3.583
Kart
Mont Aigoual
44°07′00″N 3°35′00″E / 44.11679167°N 3.58343056°E / 44.11679167; 3.58343056
Wikimedia Commons: Mont Aigoual
Vêrstasjonen

Mont Aigoual er det høgaste punktet i departementet Gard i Frankrike. Det er ein del av Massif Central, og er ein del av Cevennane nasjonalpark. Fjellet har ein primærfaktor på 730 meter.

Fjellet består av granitt og skifer og er ein stad med mykje nedbør i Massif Central, og ligg i området der fuktig luft frå det kalde Atlanterhavet møter den varme lufta frå Middelhavet. Den kraftige nedbøren dette skapar har gjeve namn til fjellet, som opphavleg var «Aiqualis» («den vasstrukne»). Den årlege middelnedbøren er opp til 2 250 mm, og er dermed den våtaste staden i Frankrike. Mont Aigoual er ein del av vasskiljet mellom Middelhavet og Atlanterhavet.

Vêrstasjonen på fjellet vart bygd i 1887, og vert i dag driven av det franske meteorologiske instituttet, Météo France. Det er den siste vêrstasjonen i Frankrike som framleis er busett av meteorologar. Ei utstilling om vêrvarsling er open for turistar om sommaren.

Vêrrekordar på stasjonen[endre | endre wikiteksten]

  • Varmaste målt: 28,2 °C i 1947;
  • Kaldaste målt: -28,0 °C i 1956;
  • Kraftigaste vind: 93 m/s (335 km/t) 6. november 1966;
  • Største døgnnedbør (24 timar): 607 mm frå morgonen 30. oktober til morgonen 31. oktober 1963
  • Største snømengde på eit år: 10,24 m;
  • Dagar med frost på eit år: 144;
  • Dagar med regn: 170;
  • Dagar med kraftig vind (> 16 m/s) : 265;
  • Dagar med tåke: 241;
  • Dagar med snø: 116.

Ved klår himmel kan ein sjå heilt til Middelhavet, Pyreneane, Alpane og Mont Blanc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Green Guide:Languedoc, Roussillon, Tarn Gorges pp65-68, Michelin Tyre PLC, 1998 ISBN 2-06-136602-3