Mont Blanc-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mont Blanc-massivet
Fjellkjede
none  Aiguille d'Argentière frå Saleina
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Italy.svg Italia Flag of Switzerland.svg Sveits
Høgaste punkt Mont Blanc
 - høgd 4 810 45 moh
 - koordinatar 45°50′01″N 06°51′54″E
Mont Blanc
Grandes Jorasses
Mont Blanc

Mont Blanc-massivet (italiensk Massiccio del Monte Bianco; fransk Massif du Mont-Blanc) er ei fjellkjede i dei vestlege delane av Alpane. Ho er kalla opp etter Mont Blanc, som med 4 808 moh er den høgaste fjelltoppen i Alpane. Fjellkjeda ligg i Frankrike (Haute-Savoie og Savoie), Italia (Aostadalen), og Sveits (vestlege Valais). Mont Blanc-massivet vert stundom rekna som både ein del av Wallis-Alpane og Dei graiiske Alpane.

Col Ferret ligg mellom fjellkjeda og Wallis-Alpane og det Vesle St. Bernhard-passet skil ho frå Dei graiiske Alpane. På andre sida av Arvedalen ligg Aiguilles Rouges og Préalpes.

På den franske sida av Mont Blanc-massivet renn vatnet ut i elvane Arve og Isère. På den italienske sida er det elva Dora Baltea som tømmer fjellkjeda for vatn, medan vatnet på den sveitsiske sida renn ut i sideelvar til Rhône.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei største fjelltoppane i Mont Blanc-massivet er:

Namn meter Namn meter
Mont Blanc 4 808 Aiguille du Tacul 3 438
Mont Maudit 4 465 Pointe d'Orny 3 274
Dôme du Goûter 4 331 Dents du Midi 3 260
Grandes Jorasses 4 208 Mont Favre 3 259
Aiguille Verte 4 122 Tour Sallière 3 227
Aiguille de Bionnassay 4 066 Pointe de Léchaud 3 127
Dent du Géant 4 013 Mont Buet 3 109
Trélatête 3 920 Mont Ruan 3 078
Aiguille d'Argentière 3 901 Pic de Tenneverge 2 982
Aiguille de Triolet 3 876 Aiguille du Belvédère (Aigs Rouges) 2 966
Aiguille du Midi 3 842 Crammont 2 737
Tour Noir 3 836 Pointe des Fours 2 719
Aiguille du Chardonnet 3 824 Pointe du Colloney 2 692
Mont Dolent 3 820 Catogne 2 599
Aiguille des Glaciers 3 816 Mont Joly 2 527
Aiguille du Dru 3 754 Brevent 2 525
Dômes de Miage 3 673 Pointe de Sales 2 494
Aiguille du Tour 3 540 Aiguille de Varan 2 488
Aiguille du Grépon 3 482 Mont Chetif 2 343
Aiguille des Grands Charmoz 3 445

Brear[endre | endre wikiteksten]

Dei største isbreane :


Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Mont Blanc-massivet er:

namn stad type høgd (mt)
Col de la Brenva Courmayeur til Chamonix snø 4 333
Col de Triolet Chamonix til Courmayeur snø 3 691
Col d'Argentière Chamonix til Orsières snø 3 516
Col de Talefre Chamonix til Courmayeur snø 3 484
Col de Miage Les Contamines til Courmayeur snø 3 376
Col du Géant Chamonix til Courmayeur snø 3 371
Col du Chardonnet Chamonix til Orsières snø 3 325
Col du Tour Chamonix til Orsières snø 3 280
Fenetre de Saleinaz Saleinazbreen til Trientbreen snø 3 264
Col de Breuil Bourg-Saint-Maurice til La Thuile snø 2 879
Col du Mont Tondu Les Contamines til Courmayeur snø 2 590
Col Ferret Courmayeur til Orsières ridesti 2 533
Col de la Seigne Les Chapieux til Courmayeur ridesti 2 512
Col de Susanfe Champéry til Salvan sti 2 500
Col du Bonhomme Contamines til Les Chapieux ridesti 2 483
Col de Sageroux Sixt til Champéry sti 2 413
Col d'Anterne Sixt til Servoz ridesti 2 263
Col de Balme Chamonix til Trientdalen ridesti 2 201
Vesle St. Bernhard-passet Aosta til Moûtiers veg 2 188
Colle Checrouit Courmayeur til Lac de Combal ridesti 1 960
Col de Voza Chamonix til Les Contamines ridesti 1 675
Col de la Forclaz (F) Chamonix til Saint-Gervais ridesti 1 556
Col de la Forclaz (CH) Argentière til Martigny veg 1 520

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]