Monte Basòdino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Basòdino
fjell
Monte Basòdino over Basodinobreen
Land  Sveits,  Italia
Fjellkjede Dei lepontinske Alpane
Høgd 3 273 moh.
Primærfaktor 959 m ↓ Dammastock
Koordinatar 46°24′41.8″N 8°28′6.5″E / 46.411611°N 8.468472°E / 46.411611; 8.468472
Førstestiging taulag frå Airolo
 - dato 3. september 1863
Kart
Monte Basòdino
46°24′42″N 8°28′06″E / 46.411555555556°N 8.4684333333333°E / 46.411555555556; 8.4684333333333
Wikimedia Commons: Basodino

Monte Basòdino er eit 3 272 meter høgt fjell i Lepontin-Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom kantonen Ticino i Sveits og regionen Piemonte i Italia.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 3. september 1863 av eit taulag frå Airolo som gjekk den vegen som i dag er normalrute for ein tur til topps.

Fjelltoppen er eit ynda mål for fjellklivarar og skigåarar. Normalruta går over ein isbre som strekker seg på nordaustsida av toppen, og til sist langs austegga. Andre oppstigingsruter går over Kastellücke i nordvest, på sørsida av austryggen og langs Passo d’Antabia sør for hovudtoppen. Den siste vert sjeldan kliven, og ein treng sikringsutstyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]