Monte Carlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot Monte Carlo
Monte Carlo i solnedgang

Monte Carlo (oksitansk Montcarles, monegassisk Monte-Carlu) er den mest velståande bydelen i Monaco [1] og vert stundom feilaktig rekna som hovudstaden i fyrstedømet, sjølv om det formelt ikkje finst ein hovudstad her. Monte Carlo er kjend for kasinoa, gambling, glamour og glimt av kjende personar. Det bur om lag 3000 innbyggjarar her permanent. Bydelen Monte Carlo inneheld sjølve Monte Carlo, der kasinoet ligg, men òg områda Saint Michel, Saint Roman/Tenao og strandområdet Larvotto. Det grensar til den franske kommunen Beausoleil (tidlegare kalla Haut-Monte-Carlo).

Monte Carlo vart grunnlagd i 1866 og er kalla opp etter den dåverande regjerande fyrsten, Karl III av Monaco. Sjølve fjellet er ein del av foten av Dei maritime Alpane, som Monaco ligg nedanfor.

Circuit de Monaco ligg i Monte Carlo, der Formel 1-løpet Monaco Grand Prix finn stad. Det er òg vertskap for verdsmeisterskapen i boksing, moteshow og andre hendingar. Mange kjendisar og kongelege har vitja Monte Carlo i mange tiår.

Monte Carlo er ein av dei største turiststadane i Europa, men dei største turistattraksjonane som St. Nicholas-katedralen, Napleonsmusemuet, Det oseanografiske museumet og akvariumet og fyrstepalasset ligg alle i bydelen Monaco-Ville.

Kasinoet[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende turistattraksjonen i Monte Carlo er kasinoet og Grand Théâtre de Monte Carlo, eit opera- og baletthus. Innbyggjarane i Monaco har ikkje løyve til å kome inn i kasinoet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]