Monte Soratte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monte Soratte
Monte Soratte - Monte Soratte sett frå Via Flaminia.
Monte Soratte sett frå Via Flaminia.
Høgd over havet 691 moh
Ligg i/på Provinsen Roma i Italia
Koordinatar 42°15′N 12°30′EKoordinatar: 42°15′N 12°30′E

Monte Soratte (i antikken Soracte) er eit fjell i provinsen Roma i Italia. Det er ein smal, isolert kalksteinsrygg med ei lengd på 5,5 km og seks toppar. Han ligg 10 km søraust for Civita Castellana og 45 km nord for Roma. Fjellet er den einaste større ryggen i Tiberdalen. Den næraste busetnaden er landsbyen Sant'Oreste. St. Orestes eller Edistus, som busetnaden er kalla opp etter, skal ha vorte martyrdrepen nær Monte Soratte.

Den høgaste toppen er 691 meter over havet. Ryggen er ein del av eit naturreservat med karakteristiske Meri, groper med djup opp til 115 meter.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]