← 
|
Montenegro |
|
|

|
| Kringkastar |
RTCG |
| Uttakingar |
| Nasjonalt |
2 |
| Internt |
3 |
| Deltaking |
| Debutår |
2007 |
| Deltakingar |
5 |
| Beste resultat |
| Semifinalen |
11 (2009) |
| Finalen |
X |
| Verste resultat |
| Semifinalen |
22 (2007) |
| Finalen |
X |
| Poeng |
| Semifinalane |
120 |
| Finalane |
X |
| Totalt |
120 |
}} Montenegro debuterte i semifinalen i Eurovision Song Contest 2007 med songen «'Ajde, kroči», framførd av Stevan Faddy. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 2010 og 2011. Bidraga veljast i den nasjonale finalen, MontenegroSong, eller internt av den nasjonale kringkastaren. Tidlegare deltok Montenegro som ein del av Jugoslavia, både Den sosialistisk føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og Serbia og Montenegro frå 2004 til 2006.
Historie [endre]
Sidan Montenegro vart uavhengig 21. mai 2006, har dei kontinuerleg delteke i Eurovision Song Contest. Landet debuterte i semifinalen i Eurovision Song Contest 2007, men kvalifiserte seg ikkje til finalen. I 2009 fekk dei sin beste plassering med ein ellevteplass i den fyrste semifinalen, men det var ikkje nok til å sikre seg ein plass i finalen.
I november 2009 annonserte den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) at Montenegro ville trekkje seg frå tevlinga året etter, grunna økonomiske vanskar.
Det vart sendt inn ein søknad om å få delteke i 2011, men sidan Montenegro måtte finne sponsorar for å finansiere sin deltaking, valte dei å ikkje delteke. 20. november 2011 vart det klårt at Montenegro vil fortsette å deltake i Eurovision Song Contest.
Bidrag i Eurovision Song Contest [endre]