Claudio Monteverdi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Monteverdi)
Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi måla av Bernardo Strozzi
Fødd15. mai 1567 (dåpsdato)
FødestadCremona
Død29. november 1643 (76 år)
DødsstadVenezia
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken, renessansen
SjangerKormusikk, opera
Verka somKomponist
Gift medEster Exposito

Claudio Zuan/Giovanni Antonio Monteverdi, òg Monteverde, (15. mai 156729. november 1643) var ein italiensk komponist, gambist og songar og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken. Han fekk særs stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter han døydde vart han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans vart gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.

Etter at Jacopo Peri skreiv dei aller første forsøka på det vi i dag kan kalle opera, var Monteverdi raskt ute med meir utvikla verk og han skreiv den eldste operaen som framleis jamleg vert oppført, L'Orfeo. Han var den første viktige operakomponisten og førte sjangeren fram til sitt tidlegaste høgdepunkt. Men musikken hans var òg omstridd og vart angripen av representantar for den gamle renessansestilen.

Dei første åtte samlingane til Monteverdi med madrigalar viser kva viktige skritt han tok frå den polyfone forma i renessansen til den monodiske forma i barokken. Den åttande madrigalboka med Madrigali guerrieri et amorosi («Madrigalar om krig og kjærleik») vert ofte halde fram som det ypparste innan denne musikkforma.

Monteverdi var ein overgangsfigur og vart gløymd etter kvart som dei etterfølgjande generasjonane bygde vidare på musikkformene i den tidlege barokken. Først etter at Gian Francesco Malipiero publiserte musikken til Monteverdi i 16 bind frå 1916 til 1942 voks interessa på ny.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Claudio Monteverdi var den eldste sonen til barberaren og sårlegen Baldassare Monteverdi (fødd kring 1542). Sjølv om faren levde i beskjedne kår, fekk dei to eldste sønene ei grundig musikalsk utdanning hjå Marcantonio Ingenieri, kapellmeister ved katedralen i Cremona. Innverknaden ti lIngenieri finn ein igjen i den første samlinga til Claudio, Sacrae cantiunculae (1582), som han komponerte 15 år gamal. I 1587 gav han ut den første samlinga si med madrigalar.

Mantova[endre | endre wikiteksten]

Måleri av ein musikar frå ca. 1597. Biletet kan framstilla Monteverdi, målt medan han enno var i Mantova. Musikaren held ein viola da gamba, og det heng ein fiolin eller bratsj i bakgrunnen.

I 1590 vart Monteverdi tilsett som songar og fiolinist ved hoffet til hertug Vincenzo Gonzaga i Mantova. Her var det gode vilkår med eit fullstendig orkester og flinke solistar. Han må raskt ha vorte eit leiande medlem av hofforkesteret, for i 1595 fekk han følgje tenesteherren på ei militært motivert reise til Ungarn for å møte tyrkarane. 20. mai 1599 gifta han seg med Claudia de Cattaneis, sjølv songar og dotter til ein av musikarane ved hoffet. Nesten umiddelbart måtte han følgje tenesteherren som skulle på spaopphald i Flandern og her fekk Monteverdi møte meistrane i den fransk-flamske musikkstilen.

Rundt år 1600 var ryktet til Monteverdi som komponist befesta, men musikken hans vart òg angripen av representantar for den gamle renessansestilen som klaga på at den nye monodiske stilen ikkje følgde dei musikalske krava på 1500-talet om eit jamnt flytande kontrapunkt, førebudde dissonansar og likeverdige stemmer. Giovanni Artusi gav i 1599 ut ein pamflett der han – utan å nemne namn – kritiserte fleire madrigalar for å vere «utålelege for øyret» og hevda at dei «såra i staden for å sjarmere».

I 1601 vart Monteverdi utnemnd til kapellmeister, maestro di capella. Trass pliktene ved hoffet komponerte Monteverdi i perioden frå 1590 til 1605 musikk nok til å fylle fire madrigalbøker. Frå den femte boka hadde han byrja å komponere i den nye stilen og frå monodiforma med klåre melodilinjer, forståeleg tekst og eit sparsamt akkompagnement, var det berre eit kort og logisk skritt til den nye operaforma og i 1607 komponerte Monteverdi ein av dei første i sitt slag, L’Orfeo, som han skreiv som bestillingsverk til det årlege karnevalet i Mantova. Operaen vart oppført 24. februar med stor suksess.

September same år døydde kona Claudia, eit tap Monteverdi tok særs hardt. Han budde ei stund hos far sin i Cremona og vegra seg mot å reise tilbake til hoffet i Mantova, men til slutt vart han kalla tilbake for å komponere ein opera til bryllupsfeiringa til hertugarvingane. Han skreiv då operaen Arianna (1608) som berre «Ariadnes klage» er igjen av.

I 1610 komponerte han sitt viktigaste kyrkjemusikalske verk, Vespro della Beata Vergine (Mariavesper). Etter hertug Vincenzo døydde i 1612 vart Monteverdi sagt opp av den mindre musikkinteresserte etterfølgjaren.

Venezia[endre | endre wikiteksten]

Monteverdi budde ei kort stund i Cremona før han i 1613 einstemmig vart vald som kapellmeister i Markuskyrkja, ein av dei viktigaste postane i den musikalske verda på den tida. Her viste han seg som ein effektiv administrator. Musikklivet hadde lege nede ei stund, men han fekk koret på føtene igjen, engasjerte nye virtuose songarar, som Francesco Cavalli, kjøpte inn nye notar, gjeninnførte regelmessig messesong og sørgde for at orkestermedlemmene fekk månadslønn i staden for lønn på oppdragsbasis. Dermed byrja hans beste og mest produktive år. Ved sidan av talrike kyrkjemusikalske verk heldt Monteverdi fram å skrive verdsleg musikk og han publiserte mellom 1614 og 1638 madrigalsamlingane nr. 6 til 8.

Sonen døydde i ein pestepidemi og etter det forverra helsa til Monteverdi seg fort. I høve opninga av det første offentlege operahuset i Venezia i 1637 skreiv han fleire verk for scenen, mellom anna Il ritorno d’Ulisse in patria (1641) og L’incoronazione di Poppea (1642). Samtidig oversåg han ei utgåve av utvald geistleg musikk frå samlinga Selva morale e spirituale (1641). Han døydde i 1643 i Venezia etter ei reise til Cremona og Mantova. Venetianarane gav han ei fyrsteleg gravferd og han er gravlagt i kyrkja Santa Maria Gloriosa dei Frari der det finst ein minneplakett i eit av kapella som flankerer hovudkoret.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Madrigalar[endre | endre wikiteksten]

Madrigalen «Cruda Amarilli» framført av MIT Chamber Chorus.
«Lamento della Ninfa» frå Madrigali Guerrieri et Amorosi

Fram til han var førti år arbeidde Monteverdi hovudsakleg med madrigalar og han gav ut totalt ni madrigalbøker. Dei første åtte viser ei enorm utvikling frå renessansemusikk til typisk monodisk barokkmusikk.

Den femte Madrigalboka

Quinto Libro (femte bok), publisert i 1605, viser overgangen frå renessanse- til barokkstil[1]. Boka var kjernen i kontroversen mellom Monteverdi og Artusi. Monteverdi svarte på kritikken i forordet til den femte boka der han foreslo å dele musikken i to retningar, den gamle renessansestilen som han kalla prima prattica og den nye barokkstilen seconda prattica. Prima prattica skildrar han som det polyfone idealet til forgjengaren frå 1500-talet med strengt kontrapunkt, førebudde dissonansar og jambyrdige stemmer. Seconda prattica nytta eit mykje friare kontrapunkt med eit tiltakande hierarki mellom stemmene med vekt på sopran og bass. I Prima Prattica skulle harmoniane kontrollere orda, i Seconda prattica skulle orda kontrollere harmoniane[2]. Dette representerer eit skritt mot den nye monodiske stilen. Mange av dei nye madrigalane tok i bruk den særs moderne generalbass-teknikken. I tillegg viste den femte boka byrjinga på ein bevisst funksjonell tonalitet (dvs. dur-moll-tonalitet i motsetnad til modal tonalitet).

Den åttande madrigalboka

Ottavo Libro (åttande bok), publisert i 1638, inkluderer dei såkalla Madrigali de guerrieri ed amorosi (dvs. «Madrigaler om krig og kjærleik»), som mange rekna for å vere høgdepunktet til madrigalforma.

Medan han var i Venezia fullførte Monteverdi si sjette, sjuande og åttande madrigalbok. Den åttande er den største og inneheld verk skriven over ein trettiårsperiode. Volumet inneheld mellom anna ein dramatisk scene i Tancredi e Clorinda (1624) der orkester og stemmer dannar to separate grupper som spelar mot kvarandre. Truleg vart Monteverdi inspirert av dei to motståande balkongane i Markuskyrkja til å prøve dette oppsettet. Eit anna trekk ved komposisjonen er at det er første gong tremolo og pizzicato vert nytta på strengeinstrument for å oppnå spesielle effektar i dramatiske scener.

Den niande madrigalboka

Den niande boka vart gjeven ut posthumt i 1651 og inneheld lettare stykke som canzonettar i begge stilartane.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

Omslagsside av Monteverdi sin opera L'Orfeo, Venezia 1609.

Florentinaren Jacopo Peri skreiv rundt hundreårsskiftet dei første verka innanfor det ein i dag kallar opera og skapte dermed operaforma. Kort tid etter, i 1607, skreiv Monteverdi L'Orfeo, den første operaen som utnyttar det fulle potensialet til sjangeren. Handlinga vert skildra i levande musikalske bilete og melodiane er lineære og klåre. Monteverdi skapte med L'Orfeo ein helt ny musikkstil, dramma per la musica (musikkdramaet). Den andre operaen til Monteverdi, L'Arianna, vart uroppført i Mantova i 1608 og er den viktigaste og mest kjende av dei tidlege barokkoperaene. Handlinga dreier seg om den gamle greske legenda om Ariadne og Thesevs.

Monteverdi komponerte i alt minst 18 operaer, men berre L'Orfeo, L'Incoronazione di Poppea, Il ritorno d'Ulisse in patria og den mest kjende arien «Ariadnes klage» frå hans andre opera L’Arianna er bevart. Dei siste åra av livet sitt var Monteverdi mykje sjuk, men i denne tida komponerte han likevel to operatiske meisterverk: Il ritorno d'Ulisse in patria (1641) og den historiske operaen L'incoronazione di Poppea (1642) basert på livet til keisar Nero.

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

«Deus in adiutorium» frå Vespro della Beata Vergine (1610). Opptak frå San Filippo-kyrkja i Torino i 2000.

I Mantova ser det ikkje ut til at Monteverdi hadde noko ansvar for kyrkjemusikk før han vart utnemnd til maestro di capella i 1601. Det første kyrkjemusikalske verket han publiserte var ei messe i primo prattica (gammal) stil med tema etter motetten til Nicolas Gombert In illo tempore frå 1554. Seinare vart denne ein del av den kjende Vespro della Beata Vergine (1610, ofte feilaktig kalla «Mariavesper») som hovudsakleg er i seconda prattica-stil.[3] Desse Vesper-salmane er eit godt døme på ein tidleg komposisjon med gjentaking og kontraster - fleire satsar har ein klår ritornello. Det publiserte verket er i stort format og det har vore ein del usemje om meininga var at alle satsane skulle framførast i ei og same gudsteneste. Likevel er det fleire indikasjonar på ein indre samanheng. I si store breidde er verket ein forløpar for høgdepunkta i barokkmusikken, som Händels Messias og J.S. Bachs Matteuspasjonen. Kvar av delane (det er 24 til saman) er fullt utvikla både musikalsk og dramatisk og den instrumentale teksturen er utnytta for å oppnå presise dramatiske og emosjonelle verknader på ein måte som den gong var helt ny.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Cor Mio Mentre Vi Miro
Cruda Amarilli

Verdslege vokalverk[endre | endre wikiteksten]

  • Canzonette 3 v., 1584
  • 6 bøker med Madrigali a 5 v. 1587, 1590, 1592, 1603, 1605 (med B.c.), 1614 (med B.c., con uno dialogo a 7 v.)
  • Concerto, 7. madrigalbok 1-4 e 6 v. 1619
  • Madrigali guerrieri eit amorosi …libro 8° 1-8 v. con B.c., 1638
  • Madrigali e canzonette libro 9°, 1651
  • 2 bøker Scherzi musicali 1607 u. 1632
  • Lamento d’Arianna, 1623; med latinsk tekst som «Pianto della Madonna», i: Selva morale… 1641

Operaer og sceneverk[endre | endre wikiteksten]

Utdrag frå Il ritorno d'Ulisse in patria
Frå Il combattimento di Tancredi e Clorinda
  • L’Orfeo, Mantova 1607
  • L’Arianna, Mantova 1608
  • Prolog til L’idroppica (Guarini) Mantova 1608 (tapt)
  • Il ballo delle ingrate, Mantova 1608
  • Ballett Tirsi e Clori Mantova 1616
  • Prolog til Maddalena, Mantova 1617
  • Intermedien Le nozze di Teti e di Peleo, Mantova 1617 (tapt)
  • Andromeda, Mantova 1617 (tapt)
  • Lamento d’Apollo, ca. 1620 (tapt)
  • Il combattimento di Tancredi e Clorinda, Venezia 1624
  • La finta pazza Licori, Mantova 1627 (tapt)
  • Armida 1627 (tapt)
  • Prolog og Intermezzo, u. A. Gli amori di Diana e di Endimione, Parma 1628 (tapt)
  • Torneo Mercurio eit Marte, ebd. 1628 (tapt)
  • Proserpina rapita, Venezia 1630 (tapt)
  • Ballo in onore dell’Imperatore Ferdinando III, Wien 1637
  • Il ritorno d’Ulisse in patria, Venezia 1640
  • Le nozze d’Enea con Lavinia, Venezia 1641 (tapt)
  • Ballett La vittoria d’amore, Piacenza 1641 (Venezia)
  • L’incoronazione di Poppea, Venezia 1642 (finst i to versjonar)

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Sacrae cantiunculae 3 v., 1582
  • Madrigali spirituali 4 v., Brescia 1583
  • Vespro della beata vergine (Marienvesper) da concerto composta sopra canti fermi, 1610
  • Selva morale e spirituale 1641
  • Messa a 4 v. eit salmi a 1-8 v. e parte da cappella & con le litanie della B.V. 1650

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ringer, Mark. Opera's First Master: The Musical Dramas of Claudio Monteverdi. Canada: Amadeus Press, 2006.
  2. Schrade, Leo. Monteverdi: Creator of Modern Music. New York: W. W. Norton and Company, 1950.
  3. Halsey, William D., red. Collier's Encyclopedia. Bd. 16. New York: MacMillan Educational Company, 1991.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Claudio Monteverdi
Notar