Monthei Eriksen Haug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monthei Eriksen Haug (9. mars 186119. juni 1933) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Odal i Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Haug var son til ein gardbrukar. Han tok underoffisereksamen ved det norske jegerkorps i 1882, og gjekk i 1885 på Sagatun Folkehøyskole. I 1889 tok han over farsgarden Haug og dreiv sidan denne. Frå 1891 var han medlem av heradsstyret i Nord-Odal, ordførar i perioden 1895-1901. Han var medlem av ei rekke utval, både kommunalt, på amtsnivå og på nasjonalt nivå. Mellom anna var han medlem av Parisdelegasjonen i 1904, og av vassdragslovskommisjonen.

Haug møtte på første gongen på Stortinget 10.-16. juli 1896, som 3. varamann frå Hedemarkens amt. I tida 1900-06 var han fast representant for same amtet, medan han 1906-09 representerte einmannskrinsen Vinger og Odalen. Heile tida 1900-09 var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen, sekretær for sistnemnde åra 1906-09.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]