Monticello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monticello

Monticello var eigedomen til Thomas Jefferson, den tredje presidenten i USA. Monticello ligg ved Charlottesville i Virginia. Bygningen er teikna av Jefferson, og er oppført i nyklassisistisk stil inspirert av arkitekten Andrea Palladio.

Monticello vart reist i 1772 og har sidan 1987 vore oppført på verdsarvlista til UNESCO.