Montrose i Angus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Montrose

Viewofmontrose.jpg
Plassering
Montrose i Angus is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Angus
Tradisjonelt grevskap Angus
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 845
Koordinatar 56°42′″N 2°28′″WKoordinatar: 56°42′″N 2°28′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DD10
Telefon-retningsnummer 0 1674
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Montrose i Angus
Utsikt ut over Montrose

Montrose er ei mindre hamn i regionen Angus i Skottland. Han har kring 11000 innbyggjarar og ligg midtvegs mellom Aberdeen i nord og Dundee i sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege namn synst å vise til nærvær frå ei norsk eller norrøn busetjing i området rundt den noverande hamna. Nordmenn slo seg ned fleire stader i Skottland, mest i nord på dei ytste øyane, men òg mange område i Moray og Banff og så langt sør som Galloway. Dei vart fort assimilert i den øvrige folkesetnaden, og gælisk synst å bli det foretrukne språket. Desse inngifte vart kjent som gallgaels (framande gallarar), skjønt òg som murchadah (sjøkrigarar). Den opphavlege busetjinga til Montrose låg ein kilometer vest for dagens sentrum, på vestsida av Montrose Basin i Old Montrose.

Første gongen Mentrose blir dokumentert skriftleg er i eit brev, eit charter, om retten av burgh frå kong David I av Skottland, som no er gått tapt. Det stod ei mellomalderkyrkje på staden som den noverande kyrkja, Old Church, står i dag, saman med eit sjukehus rett ved som strekkjer seg tilbake til 1200-talet. I 1180 var det eit kongeleg slott i Montrose, men det vart øydelagt av William Wallace i 1297 og det finst inkje spor etter det i dag.

Det same året som Robert I av Skottland døydde, i 1329, donerte han pengar til ein lærer, den tidlegaste dokumenterte skuleinstitusjonen i området, det noverande Montrose Academy.

I mellomalderen var det regulær handelen med den hanseatiske handelskartellet i Nord-Tyskland og sørlege Skandinavia, og på 1700-talet var byen eit stort senter for smugling.

Montrose hadde ei viktig rolle under reformasjonen. John Erskine av Duner, George Wishart og Andrew Melville var viktige reformatorar medan John Knox feira den første protestantiske nattverda i huset til Erskine.

Golf[endre | endre wikiteksten]

Montrose har òg den femte eldste golfbanen i verda, Montrose Medal, datert tilbake til 1562. Det er òg ein kvalifisert bane for The Open Championship (òg kalla The British Open).

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Vest for byen ligg Montrose Basin, det største bassenget for innlandssaltvatn i Storbritannia.

Den skotske poeten Hela Cruickshank voks opp i dette området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]