Montserrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montserrat
Flagg
Våpen
Flagg Våpen
Montserrat på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Førsteminister (Chief Minister) Reuben Meade
Hovudstad Plymouth (evakuert sidan 1997)
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

102 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 4490 (2005)
ca. 44/km²

Verdsdel Sør-Amerika (Karibia)
Internet-domene .ms
Tidssone UTC -4
Internasjonal telefonkode +1-664
Nasjonalsong God Save The Queen

Montserrat er eit britisk oversjøisk territorium i Leewardøyane i Karibia.

Øya er 102 km² stor og mesteparten av øya ligg i ruinar etter eit vulkanutbrot 18. juli 1995, mellom anna hovudstaden. Berre 44 km² vert i dag rekna som sikker sone. I 2005 hadde øya kring 9300 innbyggjarar. Hovudstaden Plymouth vart fråreist etter vulkanutbrota. Styresmaktene på øya held i dag til i Brades nordvest på øya ved Carr's Bay/Little Bay.

Øya er kupert og det høgaste punktet på øya er vulkanen Soufrière på 915 moh. Vulkanen har hatt utbrot meir eller mindre samanhengande siden 1995 og kulminerte i eit alvorleg og øydeleggjande utbrot sommaren 1997. Folkesetnaden vart då evakuert og tilbakeflyttinga byrja først i 1998. Bustadmangel førte derimot til at det var sterkt avgrensa kor mange som kunne returnere. Ein del valte då å reise til Storbritannia, der dei etter kvart fekk statsborgarskap.

Vulkanutbrota sette økonomien på øya kraftig attende, og samferdselsmessig vart øya òg isolert, då både flyplassen og hamnene måtte stengast. Gjenoppbygginga kom i gang på slutten av 1990-åra, og mange var sysselsett innan bygg og anlegg. Gjenoppbygginga vart mellom anna finansiert med bistand frå Storbritannia.

Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus i 1493 og kolonisert av irar i 1632. I 1958–1962 høyrte til øya Den vestindiske føderasjonen, før ho vart ei britisk øy med indre sjølvstyre.

Kjelder [endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.