Montserrat Caballé
Maria de Montserrat Viviana Concepción Caballé i Folch (fødd 12. april 1933), betre kjent som Montserrat Caballé, er ein katalansk spansk sopran. Ho vart fødd i Barcelona, og er mellom anna kjent for tolkingane sine av Rossini, Bellini og Donizetti. For det store publikummet er ho mest forbunde med songen Barcelona, som ho framførte saman med Freddie Mercury under sommar-OL 1992.
Caballé utdanna seg ved Liceukonservatoriet i Barcelona og i Milano. Ho debuterte i 1956 som Mimì i La Bohème av Puccini på Baseloperaen i Sveits. Deretter song ho i Bremen i Tyskland, og fekk merksemd i 1965 som grevinna i Figaros bryllup av Mozart i Glyndebourne i England og som feltmarskalkinna i Rosenkavaleren av Richard Strauss. Same året debuterte ho på Metropolitan Opera i New York i USA, og framførte der sjeldan oppførte operaer av Bellini og Donizetti.
Bakgrunnsstoff [endre]
- www.weberclaudia.de - Nettstad om Montserrat Caballé på tysk
- www.unbeldi.com - Nettstad om Montserrat Caballé på engelsk
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Montserrat Caballé» frå Wikipedia på svensk, den 12. juli 2012.