Montserrat i Spania
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montserrat er eit fjell nær Barcelona i Catalonia i Spania. Her ligg eit benediktinarkloster med heilagdomen Jomfru av Montserrat.
Montserrat tyder bokstavleg «spisst fjell» på katalansk. Det skildrar ein steinformasjon som er godt synleg frå avstand. Fjellet består av eit lillafarga konglomerat av sedimentære bergartar og er populært hos fjellklatrarar.
Den karibiske øya Montserrat er kalla opp etter dette fjellet.
Det går veg og kabelvogn til klosteret, samt tannhjulbane.
Toppen av Montserrat vert kalla Sant Jeroni og er 1236 meter over havet.
Bilete [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Vår Frue på Montserrat - historie, skildring og bilete
- Offisiell nettside for Escolania
- Offisiell nettside for klosteret
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Montserrat (mountain)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2009.