Moorhead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rådhuset i Moorhead
Concordia College

Moorhead er ein by i Clay County i delstaten Minnesota i USA. Byen er med sine 38 000 ibuarar den meste folkerike i det nordvestlege Minnesota. Moorhead ligg på austbreidda av Red River, med byen Fargo i Nord-Dakota på motsett side av elva. Fylkessetet for Clay County ligg i byen.

Moorhead er kjend som ein studentby. Byen har fem lærestader som tilbyr høgare utdanning. Det privateigde Concordia College vart grunnlagt i 1891 av norske innvandrarar, og legg særleg vekt på kultur, religion og helsefag. Vidare har byen ei avdeling av Minnesota State University, høgskulane Minnesota State Community and Technical College, Globe University/Minnesota School of Business, samt Rasmussen College.

Moorhead vart grunnlagt i 1871.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

92,0% av ibuarane i Moorhead er kvite, medan latinos utgjer 4,1% og er den største minoriteten. Av ibuarane med europeiske anar dominterer folk av norsk og tysk avstamning, med høvesvis 36,1 og 36,0%.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]