Mor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inuitmor og barn.

Mor er ein kvinneleg forelder. Omgrepet kan brukast både om ho som har bore og fødd ungar og ho som fostrar dei opp. Det å bli mor er ein viktig overgang i livet, og i mange samfunn blir ei jente først då rekna som ekte kvinne. Å bera fram mange barn gav status, medan barnlausheit var sett på som ei forbanning.

Dersom ein vil skilja mellom ulike typar mødre, kan ein kalla ho som har fødd ungane ei biologisk mor, ei som fostrar opp ungar utan å ha rettslege band til dei ei pleiemor, og ei som har adoptert dei ei adoptivmor. Stemor er eit negativt lada uttrykk om ei kvinne som har fått morstittelen ved å gifta seg med faren til ungane.

I tillegg til det vanlege ordet på mor har mange språk eit skild ord som framfor alt blir brukt som tiltaleform av ungane hennar, som mamma på norsk og fleire andre språk, ammatamil, og mom, mummy og andre variantar på engelsk. Språkforskarar har spekulert i om dette kan vera eit ur-ord som har følgd menneska frå byrjinga, men det kan òg vera at det er så mykje brukt ettersom lydane det inneheld er lette å seia. Ei anna hypotese er at det er lett å sjå korleis orda mamma og pappa blir uttala, og at dei derfor er høvelege som ord for omgrep ungane må lære å seie tidleg. Dei ser rett og slett korleis orda blir uttalt, vel så mykje som dei høyrer det.

Band mellom mor og avkom[endre | endre wikiteksten]

Morskjærleik måla av William-Adolphe Bouguereau.

Hjå mange dyr er særleg mora bunde til ungane sine ved sterke band. Ofte tek bandet til å formast under svangerskapet og blir kraftig styrkt av hormonar under og etter fødselen. Hjå pattedyr skaper morsmjølka, den einaste næringa som passar heilt for den nyfødde ungen, eit kraftig fysisk band. I menneskesamfunn har barnefødsel og amming vore viktige hendingar som har vore omgjevne av mange ritual og folketru.

Det er vanleg kjend at mødre kan gjera heltemodige ting for å verna ungane sine, og mange fredelege dyr er farlege berre dersom ein kjem mellom mora og ungen hennar. Morsbandet er eit viktig instinkt som hjelper ungane å veksa opp og mora til å føra arvestoffet sitt vidare. Omsorga frå faren kan likevel vera like viktig som mora sin, og hjå dyr som ikkje pattar kan han vera viktigare.

Status i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Ein kan kalla kvinner «mor» for å visa respekt for alderen eller stillinga deira. Yrkestittelen jordmor blir gjeven til kvinner som hjelper til ved fødselen. Ei vermor har òg mor i tittelen, men i nokre samfunn har det vore vanleg å kalla henne ganske enkelt «mor» for å understreka det nye slektskapet. I norske folkeeventyr vann Oskeladden mykje ved å kalla gamle koner han ikkje kjende for «mor».

I nokre samfunn kan ein gje ein heva, gudinneliknande status til visse kvinner, og då gjerne kalla dei «mor» til alle. Til dømes blei den kvinnelege etterfølgjaren til hinduleiaren Sri Aurobindo kalla «Mother». Innan kristendommen kan ein bruka morsnemninga til abbedisser eller prestekoner, og somme tider til nonner.

Steinalderskulpturen Venus frå Willendorf kan førestilla ei modergudinne.

Andre stader tilber ein ei gudinne direkte som òg blir kalla mor. Funn av kvinnestatuar frå steinalderen med framheva moderlege trekk – store bryst, magar og rumper og somme tider kjønnsorgan – tyder på at ein dyrka slike gudinner i Europa på denne tida. I India tilber ein fortsatt modergudinner (Devi) mange stader i landet, slik som Durga i Bengal, Ambe Ma i Gujarat og Maharashtra, Ammavaru i Andhra Pradesh, og Ammann i Tamil Nadu.

Sambandet mellom mora som gjev liv og jorda, som gjer det same, har òg vore framheva i mange kulturar. Gamal gresk gudetru såg på gudinna Gaia, den persoleggjorte jorda, som mor til gudar, menneske og monster. Mange andre kulturar har òg ei gudeleg urmor.

Tamilar snakkar om «den tamilske mora», som står for det tamilske landet og språket. Nokre stader, til dømes i Frankrike og England, omtalar ein landet sitt som ei kvinne, kanskje ei mor. I germansk tradisjon snakkar ein derimot gjerne om faderlandet.

Metaforisk bruk av omgrepet mor[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «mor» kan òg brukast om organismar som formeirer seg ved deling, til dømes ei morcelle som blir til to dotterceller. Morsomgrepet er vidareført og brukt utanfor biologien, slik at opphavet eller hovuddelen av eit system blir kalla «mor». Store hovduverksemder er kjend som morselskap medan mindre verksemder det eig dotterselskap. På engelsk er omgrepet endå vanlegare brukt, til dømes i «mother ship» om eit stort skip som sender ut mindre, eller i «motherboard», hovudkortet i datamaskinen som kan kallast «morkort» på norsk.

Kjende mødre[endre | endre wikiteksten]

I mytologi og historie er det mange kvinner som mest berre er kjende for å vera mor til ein eller fleire kjende personar. Nokre av desse er likevel ekstra hugsa og kanskje dyrka i sin eigenskap av å vera mor.

Biologiske mødre[endre | endre wikiteksten]

Pleiemødre[endre | endre wikiteksten]

Mor som tittel[endre | endre wikiteksten]