Mora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mora er ei måleeining for stavingsvekt. Ein mora (forkorta μ) varar like lenge som ein kort språklyd, men konsonantar fremst i ei staving (i opptakta til stavinga) tel ikkje som eigne moraer. Det varierer frå språk til språk om konsonantar i koda tel som eigne moraer.

Lette og tunge stavingar[endre | endre wikiteksten]

Stavingar som inneheld éin mora (monomoraiske stavingar), blir kalla lette stavingar, medan dei som inneheld to eller fleire, blir kalla tunge stavingar. Ein kan eventuelt reservere tung for stavingar med to moraer (bimoraiske stavingar) og overtung for dei med tre (trimoraiske stavingar) (eventuelt fleire) moraer. Om ein godtek skiljet mellom tunge og overtunge stavingar, avheng av kva syn ein har på stavinga. Duanmu 2009, som hevdar at den maksimale stavingsstrukturen er CVX, der C = konsonant, V = vokal og X = vokal eller konsonant, har ikkje rom for overtunge stavingar; stavinga er då monomoraisk (lett; CV) eller bimoraisk (tung; CVX).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «mora» kjem av det latinske mora, som tyder 'hefte, drying, utsetjing; kvild; tidsrom; hindring'.

Nokre døme[endre | endre wikiteksten]

Latin[endre | endre wikiteksten]

Dei tre latinske orda amātur 'ho/han blir elska', amantur 'dei blir elska' og mīlites 'soldatar' kan då transkriberast slik, dersom lange vokalar er attgjevne med dobbeltskriving:

  • amātur [amaatur]
  • amantur [amantur]
  • mīlites [miilites]

Etter vanleg stavingsdeling i latin kan vi dele dei i stavingar som nedanfor, der [.] representerer stavingsgrense. Vi har òg sett inn [·] mellom moraene innanfor kvar staving, og konsonantar som ikkje utgjer eigne moraer, er heva:

  • [a . ma·a . tu·r]
  • [a. ma·n . tu·r]
  • [mi·i . li . te·s]

Dei monomoraiske stavingane [a] og [li] i døma ovanfor er lette stavingar, medan dei bimoraiske stavingane [ma·a], [tu·r], [ma·n], [mi·i] og [te·s] er tunge. Lang vokal tel som to moraer, og det gjer òg kort vokal pluss konsonant (så lenge konsonanten står i same stavinga). Moraen er relevant for plasseringa av aksenten i latin. Den latinske aksentregelen må mellom anna innehalde denne formuleringa:

  • Aksenten ligg på den stavinga som inneheld nest siste mora føre siste staving.

Her er nest siste mora utheva:

  • [a . ma·a . tu·r]
  • [a. ma·n . tu·r]
  • [mi . li . te·s]

Difor har amātur og amantur aksent på nest siste staving og mīlites aksenten på tredje siste staving.

Mandarin[endre | endre wikiteksten]

Den sinittiske språket mandarin har eit klårt skilje mellom monomoraiske (lette) og bimoraiske (tunge) stavingar, skriv Duanmu (2009). Dei monomoraiske stavingane er trykkveike og manglar leksikalsk tone, medan dei bimoraiske er trykksterke og har ein av fire leksikalske tonar. Substantivet 妈 'mor' er bimoraisk, trykksterkt og har ein leksikalsk tone. Substantivet 妈妈 māma 'mor, mamma' har éi bimoraisk, trykksterk staving med leksikalsk tone og éi monomoraisk, trykkveik staving utan leksikalsk tone (ikkje-moraiske konsonantar i opptakta er heva):

  • má·á] 'mor'
  • 妈妈 māmamá·á . ma] 'mor, mamma'

Landsnamnet 中国 Zhōngguó 'Kina' har to bimoraiske stavingar, begge med trykk og leksikalsk tone.

  • 中国 Zhōngguóʈʂú·ŋ́ . ˈò·ó] 'Kina'

Mandarin kan berre ha éitt toneelement per mora. Les meir om tonar i mandarin i artikkelen Tonologien i mandarin.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Duanmu, San (2009), Syllable structure, Oxford: Oxford University Press