Mora i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°0′17.075″N 14°32′13.099″E

Mora kyrkje

Mora er ein svensk tettstad og centralort i Mora kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde tettstaden 10 940 innbyggjarar.

Staden ligg ved munningen til Österdalälven mellom Orsasjön og Siljan og har eigen flyplass eit par kilometer utanfor sentrum. Mora er eit handelssentrum med ein del industri, dessuten kunsthandverk og husflid. Morakniven vert til dømes produsert der.

Mora har ei kyrkje frå 1400-talet. Folkehøgskulen vart grunnlagd av Anders Zorn i 1907. Zorns gammelgård er eit friluftsmuseum med bygningar heilt frå 1200-talet. Zornmuseet vart bygd 1938–39. Mora var utgangspunkt for fridomskampen til Gustav Vasa.

Vasaloppet er eit av dei største skirenna i Sverige som både samlar toppløparar og store mengder mosjonistar. Rennet har mål i gatene i Mora.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]