Mora kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mora kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q61606759
Centralort Mora
Areal 3 129,23 km²
 - land 2 828,12 km²
 - vatn 301,11 km²
Folketal 20 143
Folketettleik 7 / km²
Kart
Mora kommun
61°1′0″ N 14°31′0″ E
Wikimedia Commons: Mora Municipality
Nettstad: www.mora.se

Mora kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til seks andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Orsa kommun i nordaust, Rättviks kommun i aust, Leksands kommun og Vansbro kommun i sør, Malungs kommun i vest og Älvdalens kommun i nordvest. I tillegg grensar han til éin kommune i Jämtlands län, Härjedalens kommun, i nord. Administrasjonssenteret i kommunen er Mora.

Kommunen ligg omkring den nordlege delen av innsjøen Siljan. Mora er ein skogrik kommune med mange småvatn og myrområde. Österdalsälven renn gjennom kommunen frå nord til søraust. Av industri kan knivproduksjon nemnast, og elles er turisme ei dominerande næring.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1893 vart municipalsamhället Mora Strand innlemma i Mora kommun. Dette barut ut i 1908 og vart til Morastrands köping. I 1959 vart kommunen og köpingen sameina att, under namnet Mora köping. Ved kommunereforma i 1971 vart Mora kommun oppretta av köpingen, samt landskommunane Sollerön, Våmhus og Venjan, som hadde vore uforandra kommunar sidan 1863.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På raud bakgrunn, eit bilete av St. Mikael og draken, begge delar i gull.[1]

Våpenet går tilbake til eit gammalt soknsegl, noko som tyder på at Mora kyrkje har vore helga til erkeengelen Mikael. Som våpen vart det fastsett for den dåverande Mora landskommun i 1946, medan Morastrands köping fekk eit anna våpen i 1947. Då desse einingane gjekk saman i 1958 vart våpenet til Mora teke i bruk for den nye eininga. Det same hende etter kommuneopprettinga i 1971.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er tolv tettstader i Mora kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Mora 10 940
2 Färnäs 957
3 Sollerön 946
4 Våmhus 880
5 Nusnäs 724
6 Selja 565
7 Östnor 523
8 Bonäs 458
9 Vinäs 331
10 Venjan 307
11 Vattnäs 275
12 Gesunda 235

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I rött fält en bild av Sankt Mikael och draken, allt av guld».