Morava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morava er òg det tsjekkiske namnet på regionen Mähren. Sjå òg den serbiske elva Velika Morava.
Morava
Morava møter Donau ved Bratislava-Devín
Morava møter Donau ved Bratislava-Devín
Utspring Králický Sněžník-fjellet i Moravia
Munning Donau ved Bratislava-Devín
Land i nedslagsfelt Austerrike, Tsjekkia, Slovakia
Lengd 358 km
Middelvassføring 120 m3/s
Renn gjennom Olomouc, Bratislava
Flaum i Bratislava-Devínska Nová Ves på grunn av Morava

Morava (tysk:March) er ei elv i Sentral-Europa, og ei av dei viktigaste elvene i Moravia, som ho har fått namnet sitt frå. Elva har sitt utspring i Králický Sněžník-fjellet i det nordvestlege hjørnet av Moravia, nær grensa mellom Tsjekkia og Polen, og går gradvis sørover. Den nedre delen av elva dannar grensa mellom Tsjekkia og Slovakia, og så mellom Austerrike og Slovakia. Etter om lag 358 km renn Morava ut i Donau ved Bratislava-Devín. Dei einaste store byane langs elva er Olomouc i Moravia og Bratislava, hovudstaden i Slovakia.

Låglandet som elva har skapt er den øvre Moraviadalen (Hornomoravský úval), den nedre Moraviadalen (Dolnomoravský úval), Moraviasletta (mellom Wien og Morava) i Nedre Austerrike, og låglandet Záhorie (Záhorská nížina) i Slovakia (slette mellom Moravia og Bratislava).

Den viktgaste sideelva er Thaya (på tysk) eller Dyje (på tsjekkisk og slovakisk), som renn på grensa mellom Nedre Austerrike og Moravia. Ei anna sideelv er Myjava (som renn ut i Morava ved Kúty).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]