Mordecai Kaplan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mordecai Kaplan

Fødd11. juni 1881
FødestadŠvenčionys
Død8. november 1983
DødsstadNew York by
BarnJudith Kaplan Eisenstein

Mordecai Kaplan (11. juni 18818. november 1983) var ein askenasisk rabbinar og filosof og grunnleggjaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mordechai Menahem Kaplan vart fødd i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var allereie da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom dei ulike retningane av jødedommen. Såleis byrja Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York. Kring denne tida hjelpte han òg rabbinar Israel Friedlander med å setje i gang den moderne ortodokse rørsla Young Israel. På grunn av den sterke utviklinga han kom til å gå gjennom i synet sitt på jødisk teologi, vart Kaplan seinare fordømt som heretikar av Young Israel og den øvrige ortodokse jødedommen, og namnet hans blir ikkje lenger nemnt i offisielle publikasjonar frå Young Israel som ein av grunnleggjarane av rørsla.

I 1909 vart Kaplan tilsett ved JTS, der han øvde den største innflytnaden sin gjennom undervisning av konservative studentar i eit halvt århundre. Den sentrale idéen hans om at jødedommen er å forstå som ein religiøs sivilisasjon vart akseptert innanfor den konservative rørsla, men den naturvitskaplege gudstolkinga hans fekk ikkje like stor aksept. Gudssynet hans og avvisinga av jødane som eit utvald folk førte til at han vart bannlyst av dei ortodokse. I 1968 lét han seg overtala av følgjarane sine til å formelt forlata den konservative jødedommen og å etablere Reconstructionist Rabbinical College (RRC), der filosofien hans, rekonstruksjonistisk jødedom, ville bli fremma som ei sjølvstendig religiøs retning innan jødedommen.

Teologien åt Kaplan[endre | endre wikiteksten]

Kaplans teologi hevda at i lys av framgangen i filosofi, vitskap og historie ville det vera umogleg for moderne jødar å fortsetje å halde på mange av dei tradisjonelle teologiske standpunkta. Kaplan sin naturalistiske teologi har vorte sett som ein variant av filosofien åt den amerikanske filosofen John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistisk tru med religiøse terminologi for slik å konstruere ein religiøst sett tilfreddsstillande filosofi for dei som hadde mist trua på tradisjonell religion. Kaplan var òg påverka av Emil Dürkheim sitt argument at opplevinga vår av det heilage er ein funksjon av sosial solidaritet.

I samsvar med klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, slik som i første rekkje Maimonides, stadfeste Kaplan at Gud ikkje er personleg og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall kan sjåast på som halvgode metaforar. Men Kaplan gjekk òg lengre enn dette med påstanden at Gud er summen av alle naturlege prosessar som gjer det mogleg for menneskja å fylle potensialet sitt. Kaplan skreiv at “å tru på Gud tyder å taka for gitt at det er lagnaden åt menneskja å rise opp over råskapen og å rydde ut alle former av vald og utbytting frå det menneskelege samfunnet.”

Det er verdt å merke seg at ikkje alle Kaplans skrifter var konsistente om desse spørsmåla; synet hans endra seg noko i løpet av åra, og ved finlesing av materialet står to ulike teologiar fram. Det synet som populært sett oftast blir rekna for karakteristisk for Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — eit syn som har vorte kritisert som (mis)bruk av religiøs terminologi som maskering av eit ikkje-teistisk (eller til og med ateistisk) standpunkt. Men ei anna utgåve av kaplansk teologi utkrystalliserer seg òg — ein teologi som gjer det klårt at Kaplan til tider meinte at Gud har ontologisk eksistens — ein verkeleg og absolutt eksistens uavhengig av menneskeleg tru. I denne sistnemnde teologien avviser Kaplan framleis dei klassiske formene av teisme og all tru på mirakel, men held seg til ei tru som på nokre vis er nyplatonsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rebecca T. Alpert & Jacob J. Staub: Exploring Judaism: A Reconstructionist Approach, The Reconstructionist Press, 1988
  • Mordecai Kaplan: Judaism As a Civilization, The Jewish Publications Society, 1994
  • Mordecai Kaplan: The Meaning of God in Modern Jewish Religion, 1962

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]