Mordechaj Anielewicz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mordechaj Anielewicz

Mordechaj Anielewicz (1919,1920?-1943) var leiaren for ein organisasjon som på polsk språk vart kalla Żydowska Organizacja Bojowa, eller jødisk kamporganisasjon. Forkortinga var ŻOB. Organisasjonen var aktiv i oppreisten i Warszawa-ghettoen i 1943.

Han vart fødd inn i ein fattig familie. I oppveksten vart han med i den sionistisk-sosialistiske ungdomsgruppa Hashomer Hatzair. Seinare vart han leiar for denne gruppa. I byrjinga av september 1939 gjekk Tyskland til åtak på Polen, og den andre verdskrigen starta i Europa.

Den 7. september 1939, ei veke etter åtaket, flykta Anielewicz med gruppa si frå Warszawa mot aust. Dei vona at polakkane ville klara å stogga tyskarane. Sovjetunionen gjekk etter kvart inn i austlege delar av Polen. Anielewicz prøvde å koma seg over til Romania. Ein tanke var å kunna opna ein veg for unge jødar til å flykta mot Israel. Han vart teken, og sett i eit sovjetisk fengsel. Men kort tid etter vart han frigjeven, og vende attende til ghettoen i Warszawa.

Jødiske flyktningar og politiske grupperingar flykta til Vilna/Vilnius i Litauen. Byen var kontrollert av sovjetiske styrkar. Anielewicz reiste til Vilnius og overtydde folk om å reisa attende til Polen for å halda fram kampen mot nazistane. Han vende attende til Warszawa i januar 1940 saman med kjærasten Mira Furker. Han organiserte motstandsgrupper og vitja grupper i andre byar.

Sommaren 1942 var Anielewicz på vitjing sør-vest i Polen. Området hadde vorte teke opp i Stortyskland, og ein prøvde å organisera væpna motstand.

Attende i hovudstaden fann han ut at store mengder folk hadde vorte sende til konsentrasjonsleiren Treblinka. Berre 60 000 av 350,000 jødar fanst att. Han vart med i Żydowska Organizacja Bojowa (ZOB), og i november 1942 vart han vald til kommandant.

Tidleg i 1943 vart det teke kontakt med den polske regjeringa i London. Gruppa fekk våpen frå den polske delen av byen. Den 18. januar 1943 fekk han hindra ei ny storsending av jødar til utryddingsleirane. Men oppreisten i ghettoen braut etter kvart saman. Anielewicz tok sjølvmord, saman med kona og mange av hjelparane. Sjølvmorda fann stad i ZOB-bunkeren i Miła gata nr. 18 den 8. mai 1943. Tidleg i 1944 vart han etter døden tildelt Virtuti Militari, den polske militærkrossen.

Kibbutzen Yad Mordechai i Israel er oppkalla etter han og eit monument vart sett opp til minne om han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]