Mordvinske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mordvinske språk er namnet på den mordvinske språkfamilien, som omfattar erzia og moksja. Mordvinsk blir snakka i eit stort områd, med kjerne i Mordovia i Russland, søraust for Moskva. Mordvinsk er ein av greinene i den uralske språkfamilien, nabogreinene er marisk i aust og austersjøfinsk i vest. Tidlegare vart to andre finskugriske språk, merja og muroma, snakka i området mellom mordvinsk og austersjøfinsk, dei vart assimilert til russisk som ein del av den slaviske ekspansjonen mot nordaust frå området rundt Kiev frå 800-talet og framover. Etter eldre genetisk klassifisering danna mordvinsk og marisk den volgafinske språkfamilien, etter nyare forsking er det ikkje mogleg å rekonstruere noko urspråk for desse to språkgreinene som skil seg frå nokre av nabospråka.

Til skilnad frå t.d. mariarane har ikkje mordvinarane noko eige sams etnonym, dei vil altså sjølv ikkje referere til seg sjølv som mordvinarar eller til språket sitt som mordvinsk, men til enten erzia eller moksja. Ved den russiske folketeljinga i 2002 var det 615 000 menneske som tala erzia eller moksja.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Det mordvinske språkområdet er eit av dei mest utspreidde av alle minoritetsspråka i Russland. Det var den første minoriteten det storrussiske riket la under seg på det som skulle bli erobringsferda austover og sørover i Eurasia, og mordvinarane flykta austover og sørover for å komme seg unna russarane, heilt til områda aust for Volga. Som eit resultat av Stalin sin nasjonalitetspolitikk fekk mordvinarane ein eigen republikk, med Saransk som hovudstad. I og med at mordvinarane bur så spreidd, bur berre ca. ein tredel av mordvinarane i den mordvinske republikken. Erzia- og moksja-talarar finn vi både innanfor republikken og utanfor, Saransk ligg i grenseområdet mellom dei to språkområda.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Dei mordvinske språka er splitta opp i mange dialektar, sjå artiklane om erzia og moksja.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Grammatisk sett skil dei mordvinske språka seg frå dei andre uralske språka på fleire punkt. Dei har objektkonjugasjon, det vil seie at verbet kongruerer ikkje berre med subjektet, men også med objektet. Dei har også bestemtheitsbøying, eit system som minnar om det vi finn i norsk.

Erzia har elleve kasus, moksja har tolv:

Nominativ Genitiv Dativ Ablativ Translativ Illativ Inessiv Elativ Prolativ Lativ Abessiv Kausativ
Erzia мастор масторонь масторонен мастордо масторкс масторс масторсо масторсто масторга мастору масторвтомо -
Moksja мастор масторонь масторти масторда масторкс масторс масторса масторста масторга масторс масторфтома масторонкса

Dei mordvinske språka har, som dei andre uralske språka, ikkje Possessivpronomen, i staden bruker dei possessivsuffiks:


1. Pers. Sg. 2. Pers. Sg. 3. Pers. Sg. 1. Pers. Pl. 2. Pers. Pl. 3. Pers. Pl.
Erzia мастором масторт масторзо масторнок масторнк масторст
Moksja масторозе масторце мастороц мастороньке масторонте масторсна

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Lånord...

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Kontrastivt om dei to skriftspråka...



Mordvinske språk
Erziamordvinsk | Moksjamordvinsk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.