Morene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Side- og midtmorenar på ein bre i Lituya Bay i Alaska.

Morene (frå fransk moraine, opph. frå Savoie) er usortert lausmateriale avsett av ein isbre. Omgrepet kan visa både til slike landformer skapt av brear, og til jordartane inni dei, morenemasse eller morenematerial. Dette materialet er blitt teke med av ein bre og kan innehalda leire, silt, sand, steinar og større blokker.

Morene avsett frå sida av Miage-breen nær Mont Blanc.
Morene av Gardasjøen

Morenar blir lagt som striper, haugar eller langstrakte ryggar av morenemateriale i eller på ein isbre, og blir liggande att om isen forsvinn. Dei blir danna ved at isbrear riv med seg stein frå underlaget og dessutan tek imot skredmasser frå bergskrentene omkring. Steinmaterialet følgjer med ismassene og blir liggjande igjen som botnmorene, midtmorene mellom to brea, sidemorene, endemorene eller daudismorene når isen smeltar. Ein særs stor endemorene blir gjerne kalla ra.

Morenemateriale dekker store dele av dei nedisa områda frå den siste istida og kan vere tettpakka, slik at det står med steile skrentar der kor bekkene har skore seg gjennom. I Østfold og Vestfold er morenematerialet av eit slikt omfang at det dominerer store delar av landskapet.

Materialet manglar vanlegvis lagdeling, og dei einskilde steinane er lite runda og kan ha skuringsstriper. Ved nokre av landformene har det opphavlege morenematerialet likeve ha vorte sortert i sjøvatn og iselver, slik at det òg opptrer lagdelte og velsorterte avleiringer i dei.

Kvaliteten på morenemateriale som dyrkingsjord kjem an på korleis stein og leire er fordelt og kva slag berggrunn breane har samlamateriale frå. Morenar danna av berggrunn som inneheld lettforvitra stein som skifer og kalkstein gjev godt jordsmonn, slik ein til dømes finn i området mellom Mjøsa og Tyrifjorden.

Midtmorene[endre | endre wikiteksten]

Ei midtmorene er ei langstrekt morene langs midten av ein isbre, parallelt med bresidene. Midtmorenen kan ligge anten oppå eller i breen. Midtmorener oppstår når to isbrear renn saman og sidebreane deira slår seg saman, eller ved erosjon frå ein bergknaus som stikk opp midt i breen. Ei midtmorene vil ligge att som ein rygg midt i dalen når isen er smelta bort.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Morene

Kjelder[endre | endre wikiteksten]