Morfevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aurora vekkjer Morfevs. Måleri frå 1769 av Bartolomeo Altomonte.

Morfevs (gr. Μορφεύς) eller Morfeus er ein gresk gud for søvn og særleg draumar. Han er son av Hypnos, søvn, og har sjølv tusen søner som står for dei ulike andleta til draumane.

Morfevs er meir ein litterær enn ein religiøs gud. Han er nemnd i Odysseen av Homer og i Metamorfosar av Ovid

Innhaldsliste

[endre] Etter antikken

I The Faerie Queene av Edmund Spenser frå 1590 blir det fortald at Morfevs bur på ei seng av elfenbein i ei mørk hòle pynta med valmuar.

Det narkotiske stoffet morfin er kalla opp etter Morfevs.

[endre] Moderne utgåver

Morfevs opptrer også i moderne populærkultur, mellom anna i teikneserien The Sandman av Neil Gaiman, boka The Last Olympian av Rick Riordan, filmen The Matrix, fjernsynsserien Xena Warrior Princess og dataspelet God of War: Chains of Olympus.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Morfevs
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk