Morfologisk modifikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Morfologisk modifikasjon er ein morfologisk operasjon av ein av desse typane:

  1. Ein endrar på eitt eller fleire fonem i basen.
  2. Ein endrar eller legg til trykk, aksent eller tone i basen.

Eit døme på type 1 er tilhøvet mellom desse to bøyingsformene av det norske leksemet MANN:

  • Bøyingsformer av MANN
    • Ubunden, eintal: mann
    • Ubunden, fleirtal: menn

Vi endrar vokalen i basen frå a til e for å uttrykkje ubunden og fleirtal.

Eit døme på type 2 er tilhøvet mellom desse to engelske leksema:

  • To engelske leksem
    • import /ˈɪmpɔːt/ (substantiv) 'import'
    • import /ɪmˈpɔːt/ (verb) 'importere'

Vi flytter trykket til siste stavinga for å danne eit verb av eit substantiv.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bye, Patrik, Trond Trosterud og Øystein Vangsnes 2003: Språk og språkvitskap, ei innføring. Oslo: Samlaget.