Morfoubukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Morfoubukta (gresk: Κολπος Μορφου, Kolpos Morfou; tyrkisk: Güzelyurt Körfezi) er ei bukt på nordvestsida av Kypros i Middelhavet. Ho er kalla opp etter den nærliggande innlandsbyen Morfou (tyrkisk: Güzelyurt). Bukta dannar den vestlegaste kysten av det lausrivne Nord-Kypros, som har kravd bukta som sitt eige territorial farvatn. Det var her Tyrkia lossa av forsyningar og frivillige for å assistere dei tyrkiske kypriotane då valdshandlingane mellom dei greske og tyrkiske kypriotane byrja i desember 1963.

Geografiske koordinatar

35°11′N 32°50′E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.