Morgedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Morgedal er ei bygd i Kviteseid kommune i Vest-Telemark med ca 300 innbyggarar. Den ligg ca 20 mil frå Oslo. Morgedal er kjend som skisporten si vogge der den moderne skisporten sin far Sondre Norheim blei fødd.

Også brørne Torjus Hemmestveit og Mikkjel Hemmestveit var frå Morgedal. Dei dreiv den første skiskulen i verda i Christiania i 1881.

Den olympiske elden blei tend på Sondre Nordheim sin fødestad, Øvrebø, til vinter-OL i Oslo i 1952 og til vinter-OL i Squaw Valley i 1960. Prinsesse Märtha Louise tende den olympiske elden på Øvrebø til OL på Lillehammer i 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]