Morgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Om tida på dagen, sjå morgon

Ein Morgen, Morgan eller og Mari-Morgen er eit bretonsk eller walisisk vette i kvendeskapnad, oftast knytt til havet (mor tyder 'hav'). Segner om desse finst og i Bretagne. Dei svarar til våre havfruer, og er kjend for å drukne sjømenn og andre som kjem bort på sjøen. Dei fekk og skulda for flaumar og stormar på havet. I segna om byen Ys er det kongedottera Dahud som fløymer byen, og ho vert omskapt til ein morgen etter dette.

Morgen er æveleg ung, og er ofte sett på havsbarden der ho sit på stranda og kammar håret sitt. I segnene om kong Arthur er Morgen eit av namna på The Lady of the Lake (havfrua). I desse segnene meiner mange ein og finn opphavet til forteljinga om Morgana le fay/Morgaine.