Morgon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morgon i tropane, måla av Frederic Edwin Church i 1877.

Morgon er den første delen av dagen og tek til ved soloppgang, eller frå rundt klokka 4-6, og går over til føremiddag eller middagstider.

Morgon i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Morgonen står gjerne for noko positivt, ved at han gjev ei ny byrjing etter den mørke natta. Det finst fleire gudar for morgonen, som Eos og Usjas. Symbol for morgonen er hanen.

Samstundes er tida forbunden med slutten på svevnen og byrjinga på slitet med å arbeida eller leva. Særleg måndagsmorgonen blir rakka ned på, til dømes i songar som «Monday morning blues».

I nyare tid er morgonen blitt ei stund der kommunikasjon og straumnett blir særleg belasta, ettersom mange flytter på seg og mykje verksemd tek til akkurat då. Mange transportårer, både kollektivtransport og vegnett, opplever morgonrush.

Ordtoke om morgonen[endre | endre wikiteksten]

  • Morgonstund har gull i mund (den som fann på dette viste truleg ikkje at gull har tettleik 19.3 g/cm3)
  • Ein tåpe om morgonen er òg ein tåpe om ettermiddagen
  • Morgonen syner korleis dagen vil verta.
  • Ettermiddagen veit det som morgone ikkje drøymde om
  • Viktige avgjerder bør takast om morgonen
  • Morgonfuglen får marken
  • Ei høne som kaklar om natta legg ikkje egg om morgonen
  • Morgen røde gir dage bløde, kveldsrøde gir morgen søde

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]