Morgongåva

Koordinatar: 59°55′58.645″N 16°57′47.642″E / 59.93295694°N 16.96323389°E / 59.93295694; 16.96323389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′58.645″N 16°57′47.642″E / 59.93295694°N 16.96323389°E / 59.93295694; 16.96323389

Morgongåva stasjon, i dag er det berre lokaltog som stoppar på stasjon

Morgongåva er ein svensk tettstad i Heby kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 1 351 innbyggjarar.

På 1870-talet då Norra stambanan (i dag Dalabanan) blei anlagt tok dei tyske eigarane på eige initiativ opp spørsmålet om ein skulle bygge ein jernbanestasjon på Morgongåva. Det var ikkje ein del av den foreslåtte utbygginga av jernbanen, men på grunn av eit stort jernverk som var under oppføring blei det laga ein stasjon. Ein la samtidig gater med husnummer og det oppstod eit samfunn. Jernverket blei derimot ein fiasko då det av ulike årsaker aldri kunne bli tatt skikkeleg i bruk.

I 1898 etablerte istadenfor Westerås Lantbruksmaskiner (som seinare bytta namn til Westeråsmaskiner) produksjon av mellom anna såmaskinar (seinare òg snøscooterar). Produksjonen av landbruksmaskinar blei nedlagt i 1988. I dei gamle fabrikklokala er det i dag ein lågprisbutikk. På tettstaden er òg distribusjonssentralen til AdLibris som er den største nettbaserte bokhandelen i Sverige. I dag jobbar det langt fleire personar på det gamle fabrikkområdet enn då det var fabrikk der.

Namnet på tettstaden er først kjend som namnet på ein gard i 1667. Grunnen til at garden hadde dette namnet er ikkje heilt klarlagt, men visstnok skal namnevalget springe ut frå eit trekantdrama. På 1600-talet hadde ein brukseigar i Molnebo, like utanfor Morgongåva eit forhold med ei av tenestepikene sine. Ho vart gravid og brukseigaren var redd for at kona skulle få vite om forholdet. Han «kjøpte» ein av tenarane som skulle sørge for jenta og det kommende barnet, då jenta og tenaren gifta seg fekk dei ein gard som bryllupsgåve, morgongåve, derav namnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]