Mormor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mormor er ei nemning på ein person som er mor til eins eiga mor. Eller mor til nokon andre si mor. Ei mormor er også bestemor.

Ordet kjem frå norrønt móðurmóðir. På 1700-talet fekk ordet sterk konkurranse frå ordet bestemor, som, i likskap med «godmor», kan tyde både farmor og mormor. Ei undersøking frå 2005 viste at dei spesifikke slektsskapsorda (farmor, mormor) enno vert meir brukte enn dei meir generelle, spesielt i bymål.[1]

I mange samfunn er mormora ofte den av besteforeldrene ungar har dei næraste banda med. Dette heng saman med at mora gjerne er den som gjev hovudomsorga. Ungane føler seg særs knytte til mora, som igjen er mest knytt til si mor. Barnebarna får dermed mest kontakt og tettast band med mormora.

Kjende mormødre[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] besteforeldre.no