Morrigan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Morrigan (Irsk: Mor-rìghan, stor dronning, eller eventuelt Redsle eller skrømt-dronning), er namnet på den irske krigsgudinna, som syner seg i mange ulike skapnader i dei irske segnene[treng kjelde]. Det er ikkje alltid slik at ho vert rekna som gudinne, av di ho står fram som heller skremmande, og ofte vert sett utanfor gudekrinsen.

Ho er rekna som treeiningsgudinne, nokre gonger assosiert med Anann eller Dana. Men oftast syner ho seg åleine. Ho har ein mangetydig funksjon og syner seg ofte rett før eit slag. Ho hadde mellom anna eit tvitydig forhold til Cú Chullain. Ho syner seg ofte med ein ramn. Nokre samanliknar henne med Valkyrjene, andre reknar henne som forlaupar for den skotske Banshee-myten. Det at ho syner seg på slagmarka minner òg om Frøya, som deler helvta av dei daude krigarane med Odin.

I den irske mytologien er Morrigan dotter av Emmas, og har søstrene Badb og Macha. Ho skal opphavleg ha heitt Anann (noko som knyt henne nærare hovudgruppa: Dana, Anann, Brigit).

Før Slaget ved Magh Tuireadh møtte ho Dagda. Då han såg henne var ho ved å vaske seg, med ein fot på kvar side av ei elv, Unius. Dei låg saman, og etter det lova Morriga å kalle alle dei trollkyndige i Irland til hjelp for Tuatha dé Danann.

Namnet Morrigan knyter seg lydeleg til Morgana le Fay frå Arthur-segnene, eller til Morgause frå same segnkrinsen. Desse namna vart nytta av Geoffrey av Monmouth. .