Morrinsville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morrinsville
Horisonten til Morrinsville
Horisonten til Morrinsville
Styresmakter
Land New Zealand New Zealand
Grunnlagd 1882[1]
Geografi
Innbyggjarar[2]
 - By (2018)

7 860
Koordinatar 37°39′″S 175°31′″EKoordinatar: 37°39′″S 175°31′″E
Plassering
Morrinsville is located in New Zealand
Morrinsville
Houvudvegen inn til Morrinsville - Mount Te Aroha i bakgrunnen

Morrinsville er ein by i regionen Waikato og i distriktet Matamata-PiakoNordøyaNew Zealand. Han ligg mellom høgdedraget Kaimai Ranges og elva Waikato River, kring 33 km aust for Hamilton, og 22 km vest for Te Aroha, nær breiddene til elvene Piako River og Waitakaruru Stream. Landet der byen ligg og det omliggjande jordbrukslandet vart kjøpt frå māorileiaren Wiremu Tamihana, før Newzealandkrigane i 1860-åra. Landet var då svært sumpet. Dei skotske brørne Morrin hyra inn irske arbeidarar frå gullgruvene for å grava eit utstrekt nettverk av dreneringskanalar for å turka landet. Ein av brørne var ingeniør. Byen har eit folketal på omkring 6000- 7000.

Morrinsville er eit av tre bysentera i den mest blømande meieriindustrien på New Zealand, og landområda kring byen vert stundom omtala som det mest intenst dyrka jordbruksområdet i verda, noko som slagordet til byen, «cream of the country», peikar på. Byen har fått namn etter Samuel og Thomas Morrin, tidlege nybyggjarar som kjøpte området og grunnla byen som bustad for arbeidarane på gardsbruka.

Morrinsville er knutepunktet mellom jarnvegslinjene Thames Branch (no eit sidespor, Waitoa Industrial Line) og East Coast Main Trunk Railway, som går gjennom byen. Dei siste passasjertoga som gjekk til byen var Kaimai Express og Geyserland Express, som båe la ned trafikken i oktober 2001.

Kjende personar frå Morrinsville[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]