Morris West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morris West

Statsborgarskap Australia
Fødd 26. april 1916
St. Kilda
Død

9. oktober 1999 (83 år)
Sydney

Yrke skribent, romanforfattar
Språk engelsk
Religion katolisisme
Morris West på Commons

Morris L. West eller Morris Langlo West (26. april 19169. oktober 1999) var ein australsk forfattar.

Han tenestegjorde i hæren under Stillehavskrigen, og var 1945–1954 leiar for eit av dei største radioreklamebyråa i Australia. Han lagde radio- og fjernsynsprogram, reportasjar og høyrespel.

I romanane handsama West alvorlege, ofte religiøse tema og politiske hendingar av global tyding. Fleire er blitt filmatisert, og nokre omarbeidde han sjølv til skodespel.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

West skreiv fleire populære romanar, mellom andre:

  • The Devil's Advocate (1959; norsk omsetjing Djevelens advokat, 1961)
  • The Shoes of the Fisherman (1963; norsk omsetjing Fiskerens sko, same år)
  • The Salamander (1973; norsk omsetjing Salamanderen, 1974)
  • Proteus (1979; norsk omsetjing same år)
  • The Clowns of God (1981; norsk omsetjing Guds klovner, same året)
  • Cassidy (1986; norsk omsetjing 1987)
  • Masterclass (1988; norsk omsetjing Mesterstykket, 1993)
  • Lazarus (1990; norsk omsetjing 1991)
  • The Ringmaster (1991)
  • The Lovers (1993; norsk omsetjing Dager med Giulia, 1995).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Morris L. West» av Lynette Hinrichsen i Store norske leksikon, snl.no.