Mort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om karpefisken. For småsei, sjå sei.
Mort

Mort (Rutilus rutilus) er ein ferskvass- og brakkvassfisk i karpefamilien.

Mort er ein fisk som ofte finst i store mengder i dei fleste elvene og innsjøane i låglandet i Søraust-Noreg. Han er lett å fange, men vert ikkje rekna som matfisk, og stort sett nytta til agn. Vanleg storleik er 15 - 25 centimeter og 200 gram, men morten kan i sjeldsynte høve verte over ein halv kilo. Morten er sylvblank med blågrå rygg og kvit underside; augo og finnane er raudlege, ryggfinnen er plassert rett over bukfinnane. Føda er insekt, plankton og algar. Gytetida er om våren, etter at temperaturen på vatnet er vorten 10-12 gradar. I elvemunningar kan det laga seg brakkvannsstammer av mort, som vandrar opp i ferskvatn for å gyte. Gjedda tek mykje mort.