Morten Harket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Harket

Fødd14. september 1959 (64 år)
FødestadKongsberg kommune
OpphavNoreg
Aktiv1982–
Sjangerpop, synthpop, new wave, poprock
Instrumentgitar, vokal
Stemmetypekontratenor, tenor
PlateselskapPolydor Records
Verka somsongar, låtskrivar, musikar, plateartist
Gift medCamilla Malmquist Harket
BornTomine Harket
PrisarSpellemannprisen for årets mannlige artist, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets album, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden
Morten Harket i Stavanger, 31. juni 2010

Morten Harket (fødd 14. september 1959 i Kongsberg[1]) er ein norsk songar og låtskrivar frå Heggedal i Asker. Han er kjend som vokalist og frontfigur i gruppa A-ha sidan 1983, men han har også gjort soloprosjekt. Saman med Ingvild Bryn var han programleiar for Eurovision Song Contest 1996.

A-ha[endre | endre wikiteksten]

Harket voks opp i Asker, og viste som liten inga interesse for å driva aktivt med musikk. Han var med i eit kristen ungdomsmiljø i ungdomsåra, og starta på teologistudie som han seinare avbraut. Han vart med i ulike band, m.a. bluesbandet Souldier Blue. Då han trefte Magne Furuholmen og Pål Waaktaar i Oslo på åttitalet, danna dei fyrst bandet Bridges, og gav ut ei plate i lag. Deretter danna dei A-ha og flytte til London saman for å satsa på musikk.

Den fyrste singelen til A-ha, Take On Me, sende dei til topps på dei amerikanske hitlistene og gav bandet ein pangstart. Som frontfigur var det Morten Harket som fekk mest merksemd og popularitet. Med si ljose tenorstemme og attraktive utsjånad vart han dyrka som popidol og avbilda i ungdomsmagasin, på kalendrar, plakatar, postkort osb.

Suksessen med A-ha heldt fram, og Morten Harket tok etter kvart til med prosjekt utanom gruppa. Han song mellom anna tittelmelodien til den norske filmen Kamilla og tyven frå 1988. Han opptrådte også som skodespelar i filmen, samt i oppfølgjaren Kamilla og tyven II frå 1989. Same året gifte Harket seg med den svenske modellen Camilla Malmquist. Paret gjekk frå kvarandre i 1998. Dei fekk tre born saman, m.a. Tomine Malmquist Harket som spelte tittelrolla i den norske oppføringa av musikalen Annie i 2004.

Soloprosjekt og comeback[endre | endre wikiteksten]

Bandet A-ha slutta også å gje ut musikk i lag frå 1993 på grunn av personlege motsetnader innad i gruppa. Både Harket og Pål Waaktaar heldt fram med soloprosjekt framover. Harket har til no gjeve ut fire soloalbum til saman, m.a. plata Wild Seed frå 1995 med hit-singelen A Kind of Christmas Card. Harket fekk fleire spellemannprisar for både plata og singelen på prisutdelinga for dette året. Han har også vunne Spellemannprisar saman med A-ha.

I 2000 kom A-ha saman att, og gjorde comeback med plata Minor Earth Major Sky. På denne plata sette Harket verdsrekord med å syngja ein og same tone lengst på ei innspeling med 20,2 sekund på sporet Summer Moved On.

Diskografi som soloartist[endre | endre wikiteksten]

Album
  • 1993: Poetenes Evangelium (Kirkelig Kulturverksted)
  • 1995: Wild Seed
  • 1996: Vogts Villa
  • 2008: Letter from Egypt (Universal Music)
  • 2012: Out of My Hands
Singlar
  • 1993: Salome
  • 1993: Natten
  • 1993: Can't Take My Eyes Off You (på Coneheads, filmmusikk)
  • 1995: A Kind Of Christmas Card
  • 1995: Spanish Steps
  • 1995: Brodsky Tune
  • 1996: Los Angeles
  • 1996: Heaven's Not For Saints
  • 1996: Tilbake Til Livet
  • 1996: Herre I Drømmen
  • 2007: Movies
  • 2007: Darkspace
  • 2007: We'll Never Speak Again
  • 2010: Barsking i Halden
  • 2012: Scared of Heights
  • 2012: Lightning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]