Morten Thrane Esmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hans Morten Thrane Esmark (fødd 1801 i Kongsberg, død 1882) var ein norsk prest og mineralog, son av Jens Esmark[1] og bror av Laurits Martin Esmark. Han oppdaga og skildra ei rad nye mineral, mellom anna thoritt som er det vanlegaste mineralet av thorium. Dette førte til at grunnstoffet thorium vart oppdaga.

Den engelske presten Richard Carter Smith møtte den unge Esmark i 1838 og skildra han som «en intelligent ung mann som er entomolog og ornitolog.»[2] Carter noterte at Esmark hadde ei insektssamling som omfatta 2000 artar og ei samling på 120 fugleartar (alle norske).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Store norske leksikon http://snl.no/Morten_Thrane_Esmark lese på nett 3. november 2012.
  2. Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Omsett frå handskrive manuskript.) Universitetsforlaget 1976, s.58.