Morteratschbreen

Koordinatar: 46°24′34″N 9°55′54″E / 46.40944°N 9.93167°E / 46.40944; 9.93167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Morteratschgletscher)
Morteratschbreen
isbre
Breane Morteratsch (høgre) og Pers (venstre), 2005
Område Berninafjella i Sveits
Type Dalbre
Areal 16 km²
Lengd km
Endepunkt morene
Status I tilbaketrekking
Koordinatar 46°24′34″N 9°55′54″E / 46.40944°N 9.93167°E / 46.40944; 9.93167
Kart
Morteratschbreen
46°24′34″N 9°55′54″E / 46.409444444444°N 9.9316666666667°E / 46.409444444444; 9.9316666666667
Wikimedia Commons: Morteratsch Glacier

Morteratschbreen (retoromansk Vadret da Morteratsch) er den største isbreen i Berninafjella i Bündner-Alpane i Sveits.

Han er, like etter Pasterzebreen og Gepatschferner, den tredje største og etter volum (1,2 km³) den mest massive breen i Dei austlege Alpane. Morteratschbreen er ein typisk dalbre med ein markant isfront. Akkumlasjonssonen ligg mellom toppane Piz Morteratsch, Piz Bernina, Crast' Agüzza, Piz Argient, Piz Zupò og Bellavista. Frå Piz Argient til iskanten i Val Morteratsch er den horisontale lengda kring 7 km, med ein høgdeskilnad på opp mot 2000 meter. I lag med Persbreen, som spring ut frå Piz Palü, og som møter Morteratsch like nedanfor steinformasjonen Isla Persa («Den tapte øya»), dekkjer breen eit areal på kring 16 km². Smeltevatnet frå Morteratschbreen vert drenert via Inn og Donau og ut i Svartehavet.

Det har vore årlege lengdemålingar av breen sidan 1878. For perioden fram til 1998 hadde breen trekt seg attende 1,8 km og i snitt om lag 17,2 meter per år. Frå 1999 til 2005 har breen trekt seg attende med 30 meter i året.[1]

I løpet av måleperioden er det berre fire år der har isbreen rykt fram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «breens online: Morteratsch». Glaciers online. Henta 18 January 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Morteratschbreen