Mosaikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aztekisk eller mixtekisk mosaikkmaske frå om lag 1400-talet.
Foto: Simon Burchell

Mosaikk er ei form for biletkunst der ein fester fleire farga småbitar til å danna mønster på ein flate. Mosaikk kan til dømes brukast til å pynta golv, veggar og andre bygningselement, eller til sjølvstendige kunstverk. Ordet «mosaikk» kjem frå mellomalderlatin (opus) musaicum, 'arbeid vigd musene'.

Mosaikk av Pietro Cavallini frå om lag 1291 i kyrkja Santa Maria I Tratevere i Roma.

Mosaikk er kjend frå Mesopotamia frå 2000-talet f.Kr. Det blei brukt i gresk antikk, men er særleg kjend frå seinare romersk kunst. Vidare hare in brukt mosaikk til utsmykking både innan kristen og muslimsk tradisjon. Det finst også mesoamerikansk mosaikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mosaikk