Mosbytoppane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosbytoppane
fjell
Bouvetøya. Den eine av Mosbytoppane ligg heilt til venstre. Toppen ved sidan av er Lykketoppen.
Land  Bouvetøya
Høgd 670 moh.
Koordinatar 54°26′S 3°21′E / 54.433°S 3.350°E / -54.433; 3.350
Kart
Mosbytoppane
54°26′00″S 3°21′00″E / 54.4333°S 3.35°E / -54.4333; 3.35

Mosbytoppane[1] (tidlegare Mosbytoppen), er to fjelltoppar sørvest for kalderaenBouvetøya. Den høgaste er snødekt og ligg 670 meter over havet, og 1,3 km nordaust for Norvegiaodden. Dei vart kartlagde av Den første Norvegia-ekspedisjonen i 1927–28, under kaptein Harald Horntvedt. Det er kalla opp etter Håkon Mosby, som var oseanograf og meteorolog og ein av to forskarar på ekspedisjonen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mosbytoppane». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. januar 2014. Henta 1. mars 2013. 
  2. «Mosby Peak». Geographic Names Information System. Arkivert frå originalen den 1. mars 2013. Henta 1. mars 2013.