Mosebøkene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mosebok)

Mosebøkene er den eldste delen av Bibelen. Dei er den første av tre delar av den hebraiske Bibelen og utgjer dei fem første bøkene i Det gamle testamentet. Dei blir òg kalla pentateuken (den femfaldige boka) og på hebraisk Torá (תּוֹרָה, «Lova» eller «Læra»). Dei utgjer grunnlaget for jødisk religiøs lov.

Dei fem bøkene med deira hebraiske, greske og latinske namn er:

Norsk namn Hebraisk namn Gresk namn Latinsk namn
Fyrste Mosebok בְּרֵאשִׁית (Bərēšīt, I byrjinga) Γένεσις (Genesis, Opphavet) Genesis
Andre Mosebok שְׁמוֹת (šəmōt, Namna) Ἔξοδος (Exodos. Utgangen) Exodus
Tredje Mosebok וַיִּקְרָא (vajjiqrā, Og kalla) Λευιτικόν (Leuitikon, Om levittane) Leviticus
Fjerde Mosebok בַּמִּדְבָּר (Bammidbār, I øydemarka) Ἀριθμοί (Arithmoi, Tala) Numeri
Femte Mosebok דְּבָרִים (Dəbārīm, Orda) Δευτερονομίου (Deuteronomiou, Opptakingslova) Deuteronomium
Mosebøkene på ulike språk
Ein del av mosebøkene på hebraisk.
Mosebok i samaritansk skrift.
1. mosebok på etiopisk.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.