Mosel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mosel
Mosel nær Wolf
Mosel nær Wolf
Utspring Vogesane
- Høgd 715 m
Munning Rhinen
Land i nedslagsfelt Frankrike, Tyskland, Luxembourg
Lengd 544 km
Middelvassføring 290 m³/s
Nedslagsfelt 28 286 km²
Nedslagsfeltet til Mosel

Mosel (fransk Moselle, tysk Mosel, luxembourgsk Musel, nederlandsk Moezel, frå latinsk Mosella, «litle Maas») er ei elv som renn gjennom Frankrike, Luxembourg og Tyskland. Ho er ei av sideelvane til Rhinen frå venstre, og dei møtest ved Koblenz. Elva har gjeve namn til to franske departement: Moselle og Meurthe-et-Moselle.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har sitt utspring på vestsida av Ballon d'Alsace i Vogesane. Mosel renn gjennom regionen Lorraine, vest for Vogesane. Etter kvart renn ho inn i Tyskland, og Moseldalen dannar området mellom fjellregionane Eifel og Hunsrück. Den totale lengda hennar frå utspringet til munningen er om lag 545 km.

Av byar og landsbyar langs Mosel finn ein:

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Frå venstre: Madon, Terrouin. Esch, Rupt de Mad, Orne, Fensch, Gander, Syre, Sûre, Kyll, Salm, Lieser, Alf, Endert, Brohlbach, Elzbach.

Frå høgre: Moselotte, Vologne, Meurthe, Seille, Saar, Olewiger Bach, Avelsbach, Ruwer, Feller Bach, Dhron, Ahringsbach, Kautenbach, Lützbach, Flaumbach, Altlayer Bach, Baybach, Ehrbach.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Moseldalen mellom Nancy, Metz og Thionville er eit industriområde med kolgruver og stålframstilling.

Mosel er gjort framkommeleg for store lasteskip frå Rhinen i Koblenz og opp til Neuves-Maisons, sør for Nancy. For mindre skip er elva forbunde til andre delar av Frankrike via Canal de l'Est og Canal de la Marne au Rhin.

Moseldalen er kjend for sine vakre omgivnadar og den gode vinen som vert produsert her, mellom anna i vinområdet Mosel-Saar-Ruwer. Dei mest kjende vinane som vert produsert her er Riesling, Elbling, Müller-Thurgau og Kerner. Den tyske delen av Mosel er ein populær turiststad.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Mosel vart hylla i Mosella, eit romersk dikt av Ausonius frå antikken. På 1900-talet vart elva og den lokale historia til byane langs breidda av ho skildra av den britiske reiseforfattaren Roger Pilkington.

Slott[endre | endre wikiteksten]

  • Burg Thurant: Nær landsbyen Alken står Thurant slott, som vart bygd på 1200-talet. Det er det einaste tvillingtårna slottet langs Mosel.
  • Burg Eltz: Familien von Eltz sitt slott, som går tilbake til 1500-talet. Det er framleis privateigd, men er ope for turistar.
  • Burg Pyrmont: Dette slottet frå 1200-talet vart omforma og utvida fleire gongar under barokken
  • Cochem-slottet: Slottet i Cochem vart opphavleg bygd på 1000-talet, men vart totalt øydelagd av franske soldatar i 1869. Det noverande slottet vart bygd opp att på 1800-talet.
  • Burg Bischofstein: På andre sida av elva frå byen of Burgen står dette slottet frå 1200-talet. Det vart øydelagd under Den pfalziske tronfølgjekrigen, men rekonstruert og er i dag ein tilfluktsstad for Fichte Gymnasium i Krefeld.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mosel


Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek