Moselova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moselova er lova som Gud i følgje Bibelen gav til MosesSinai etter at israelittane hadde forlate Egypt. Moselova var grunnlaget for israelittane sitt religiøse liv. Den dag i dag spelar Moselova ei rolle innan jødedommen, som brukar namnet Torá på dei 5 Mosebøkene.

Den sentrale delen av Moselova er Dei ti bodorda. I alt består lova av 613 bod — om offer og religiøse seremoniar, om rituell reinleik og kva ein kan ete, og også om brotsverk og straff. Eit viktig bod var at ein skulle halde sabbaten.

Den rabbinske jødedommen fører Moselova vidare gjennom tolkingstradisjonen «halakhá», som blant anna kjem til uttrykk i bøkene Misjná, Talmúd, Misjné Torá, Arba‘á turím og Sjulḥán ‘arúkh. Tolkinga er under stadig utvikling. Ein del av boda, og da særleg dei om tempelet, blir i all hovudsak rekna som sovande i dag. Mange andre bod har forlate den bokstavrette tolkinga dei truleg hadde for tre tusen år sidan og blir tolka i mildare eller strengare retning ut frå utviklinga av den jødiske sivilisasjonen og av samfunnet elles.

Eitt hovudsyn i kristendommen er at ikkje Moselova gjeld lenger, sjølv om mange kristne legg stor vekt på dei ti boda. Apostelen Paulus seier i brevet sitt til romarane, kapittel 10, vers 4 at lova står i motsetning til nåden og at lova er avskaffa gjennom Kristus. Dei aller fleste retningane av kristendommen følgjer difor ikkje påbod om omskjering, kosthald og sabbat. Eit mindretal av kristne, særleg adventistar og mange unitarar, følgjer større eller mindre delar av Moselova.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]