Mosin-Nagant-rifle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosin-Nagant M91/30

Mosin-Nagant er eit repetérgevær med kapasitet på fem skot og fast magasin som har vore det militære hovudvåpenet i Russland og fleire andre land sidan slutten av 1800-talet.

Sidan 1883 drøfta dei i Russland kva for eit gevær dei skulle innføre i den russiske hæren. I 1890 stod valet mellom eitt utvikla av russaren Sergej Mosin og eitt utvikla av belgiaren Leon Nagant. Etter testar i 1891 valde dei Mosin-geværet, som lett kunne modifisérast etter mønster av Nagant sitt forslag. Saman med Mosin-Nagant-rifla vart ein ny randtenningspatron i kaliber 7,62x54 mm innført.

Opphavleg fanst våpenet i tre versjonar:

  • Infanterigevær med 800 mm løpslengd og bajonett
  • Dragongevær med 730 mm løpslengd og bajonett
  • Kosakkgevær med 730 mm løpslengd utan bajonett

Ein karabin vart innført i 1907, og ein ny karabinmodell i 1938, modifisert i 1944. Ein kjend versjon var skarpskyttarutgåva, som skilde seg frå standardutgåvene ved at hevarmen var nedoverbøygd og kikertsikte montert.

Geværet var til og med andre verdskrigen standardvåpenet i det sovjetiske infanteriet, og vart i ulike versjonar (særleg M91/30 og M38/44) òg innført og til dels laga av dei sovjetdominerte og sovjetallierte landa etter andre verdskrigen. Kina produserte såleis karabinversjonen M38/44 på lisens, som "Type 53". Også i Tsjekkoslovakia og Jugoslavia vart lisensversjonar og vidareutviklingar produserte.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Tyskspråkleg wikipedia, art. Mosin-Nagant.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mosin-Nagant-rifle