Mosken

Koordinatar: 67°44′52″N 12°45′08″E / 67.74778°N 12.75222°E / 67.74778; 12.75222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosken
Mosken, med Værøy i bakgrunnen. Foto: Øystein H. Brekke
Mosken, med Værøy i bakgrunnen.
Foto: Øystein H. Brekke
Geografi
Stad Lofoten
Koordinatar 67°44′52″N 12°45′08″E / 67.74778°N 12.75222°E / 67.74778; 12.75222

Areal 1,5 km²

Høgaste punkt Wilhelmstind (385 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 0

Mosken er ei fjelløy i Værøy kommune i Nordland. Øya ligg mellom Værøya og Moskenesøya i Lofoten. Det høgastep punktet på Mosken er Wilhelmstind på 385 moh. Øya er ikkje busett og har eit areal på 1,5 km²

Mosken vart tidlegare nytta til beite for sau, både sommar- og vinterstid. [1]

Mosken og småøyane rundt er eit viktig hekkeområde for toppskarv, lomvi, stormsvale, havsvale, ærfugl og teist. [2]

På Svarven like utanfor Mosken hadde fiskarane tidlegare rorbuer og tilhald under seifisket på seinsommaren og hausten.

Mellom Moskenesøya og Mosken går Moskenstraumen, ein av dei kraftigaste havstraumane i verda. Moskenesstraumen er berykta, og har vore skildra av både Petter Dass, Edgar Allan Poe og Jules Verne.

Namnet Mosken vert elles nytta både som etternamn og fornamn i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mosken på lofoten-startside.no, arkivert frå originalen 4. mai 2008, henta 15. april 2008 
  2. Fuglar på Mosken