Moskva City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moskva City
Plan over området.

Moskva City (russisk Mocквa Cити) er eit nytt område i Moskva. Målet er å skape eit område som blandar underhaldning, arbeid og bustader, og skal verte det første av sitt slag i Russland og heile Aust-Europa. Dei lokale styresmaktene i Moskva gav løyve til å starte bygginga i 1992. Området som skal utbyggast dekkjer ein kvadratkilometer og her låg tidlegare stort sett fabrikkar og industriar.

Innhaldsliste

Bygg [endre]

Tårn 2000 [endre]

Tårnet består av 34 etasjar og er eit kontorbygg. Det står på høgresida av Moskvaelva. Tårnet er knytt til området via ei gangbru over elva. I tårnet finst underjordisk parkering, restaurant og annan underhaldning. Tårnet er 104 meter høgt, vart påbegynt i desember 1996 og stod ferdig hausten 2001.

Bryllupstårnet [endre]

Bygginga av Bryllupstårnet starta mars 2008 og er venta å stå ferdig i september 2009. Det kjem til å verte 217 meter høgt med 46 etasjar.

Aquaparken [endre]

Ein stort fornøyelsespark som kjem til å innehalde eit badeland, eit femstjerneshotell og parkering. Badelandet kjem til å ta opp det meste av fornøyelsesparken med fleire basseng og sklier. I tillegg vil det vere eit kjøpesenter, restaurant og kafear.

Det sentrale galleriet [endre]

Det sentrale galleriet er eit av dei meir komplekse byggverka i Moskva City. Tårnet står på område 6,7 og 8, og er i to delar, ein under og ein over jordoverflata. Bygginga tok til i starten av 2005 og stod ferdig hausten 2008.

Hovudstaden [endre]

Komplekset Hovudstaden skal symbolisere Moskva og St. Petersburg. Det ligg i område 9 og består av to tårn med høgder på 268 og 234 meter. Tårna står ferdig hausten 2008.

Naberesjnajatårna [endre]

Naberesjnajatårna ligg i område 10. Tårn A er på 17 etasjar og stod ferdig i 2004, medan Tårn B på 27 etasjar stod ferdig oktober 2005. Tårn C består av 59 etasjar og stod ferdig i 2007. Med ei høgd på 268,4 meter er dette den høgaste bygningen i Europa. Totalt kosta tårna 200 millionar dollar.

Transportterminalen [endre]

Transportterminalen kjem til å verte møteplass for ulike metrolinjer, light rail-linjer og annan offentleg transport. Her kjem det til å vere kontor, hotell, ein klinkk og parkering. Bygginga starta i januar 2005 og står ferdig i løpet av 2009.

Eurasia [endre]

Eurasis skal romme kontor, kasino og annan underhaldning. Skyrskraparen vil verte 305 meter høg og ha 75 etasjar. Bygginga starta i 2004 og skal stå ferdig i løpet av 2009.. Prisen på bygget er totalt 250 millionar dollar.

Føderasjonstårnet [endre]

Føderasjonstårnet kjem til å verte den høgaste skyskraparen i Europa når det står ferdig. Bygget består av tre bygningar. Torn A har 93 etasjar og blir 360 meter høgt, Tårn B 62 etasjar og 242 meter høgt, og Tårn C er eit spir på 506 meter. Bygginga starta i 2004 og vert rekna å stå ferdig i løpet av 2009.

Mercury City Tower [endre]

Bygginga starta i 2005 og er planlagt ferdig i slutten av 2008.. Det kjem til å verte 380 meter høgt med 70 etasjar og vil fram til Føderasjonsstårnet står ferdig vere den høgaste bygningen i Europa.

City Hall og City Duma [endre]

City Hall og City Duma er to bygningar der byrådet i Moskva og dumaen kjem til å stije. Bygningen består eigentleg av fire tårn. Dumaen er i dag spreidd over heile byen og dette nye tårnet vil samle dei på ein stad slik at han vert betre organisert. Bygginga starta i 2006 og vil stå ferdig i løpet av 2009. Tårnet vil vere 308 meter høgt og bestå av 76 etasjar.

Russlandstårnet [endre]

Bygginga av Russlandstårent vart starta i 2007 og er venta å stå ferdig i 2012.. Tårnet kjem til å verte eit av dei høgaste i verda med ei høgd på 612 meter og 118 etasjar. Bygningen har ein pris på 1,5 milliardar dollar.

Nordtårnet [endre]

Nordtårnet

Tårnet inneheld kontor, ein konsterhall, treningssenter, restaurantar, kafe, klinikkar og parkering. Det er 108 meter høgt og består av 27 etasjar.

Område 20 [endre]

Her kjem det til å stå enno ein skyskrapar. Utsjånaden er enno usikker, men han kjem til å verte 200 meter høg med 51 etasjar.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moskva City