Moskvaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moskvaelva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 17 600 km²
Lengd 502 km
Middelvassføring 95,7 /s
Munning Oka
Kart
Moskvaelva
55°4′0″ N 38°49′0″ E
Moskvaelva i nedslagsfeltet til Volga
Moskvaelva i nedslagsfeltet til Volga
Moskvaelva i nedslagsfeltet til Volga
Wikimedia Commons: Moskva River

Moskvaelva (russisk Москва́-река́, eller berre Москва) er ei elv i Moskva og Smolensk oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå venstre. Elva er 502 km lang og har eit nedslagsfelt på 17 600 km².

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Byen Moskva er kalla opp etter elva. Opphavet til namnet er ukjend, men det finst fleire teoriar.[1]. Ein teori føreslår at namnet kjem frå finsk-ugrisk språk, der namnet tyder «mørk» og «uklår». Alternativt kan namnet kome frå komi og tyde «ku-elva» eller frå finsk-volgaisk og tyde «bjørneelva». Ein annan teori hevdar at ordet er ei omforming av det mongolske ordet mushka, som tyder «vridd» eller «vinkla».

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Borodinskijbrua

Elva er 503 km lang og har eit nedslagsfelt på 17 600 km². Det samla fallet hennar er 155 meter og maksimumdjupet før bygrensa til Moskva er tre meter, og opp til seks meter nedanfor.[2]. Normalt frys elva til i november-desember og vert isfri att seint i mars. I sentrum av Moskva kan elva stundom fryse til. Det absolutte vassnivået i sentrum av Moskva er 120,0 meter over havet (gjennomsnitt sidan andre verdskrigen). Den høgaste vassnivået som er registrert her var i 1908 då elva stod 127,25 meter over havet[3].

Vasstilførsel[endre | endre wikiteksten]

Dei største sideelvane hennar er Ruza, Istra, Jauza, Pakhra og Severka. Vasstilførselen er estimert til 61 % snøsmelting, 12 % regn og 27 grunnvatn. Etter at Moskvakanalen stod ferdig i 1937 har Moskvaelva òg teke imot ein del av vatnet frå Øvre Volga. Dette har ført til jamn tilførsel av vatn for sikker elvetransport, som tidlegare kunne stoppe opp under sommartørken. Middelvassføringa hennar, inkludert vatnet frå Volga, varierer frå 38 m³/s nær Zvenigorod til 250 m³/s ved munningen i Oka. Straumfarten varierer med årstida, frå 0,1 m/s (vinter) til 1,5-2,0 m/s (mai).

Byar[endre | endre wikiteksten]

Båtar på Moskvaelva nær Luzjniki med Novodevitsjyklosteret i bakgrunnen

Moskva, hovudstaden i Russland, ligg på begge sider av elva. Elva renn òg gjennom byane Mozjajsk, Zvenigorod, Zjukovskij, Bronnitsy, Voskresensk og ved munningen i Oka ligg Kolomna. I 2007 var det 49 bruer over Moskvaelva og kanalane hennar i innanfor bygrensa til Moskva. Den første brua i stein, Bolsjoj Kammenyj-brua, vart reist i 1692. Innanfor byen er elva 120-200 meter brei. Det smalaste punktet er like nedanfor murane til Kreml. Drikkevatn for Moskva vert henta frå fem stasjonar i Moskvaelva og reservoar i Øvre Volga (nord og nordvest for byen).

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Kanalar, bygd innanfor bygrensene til Moskva, dannar ei rekkje øyar. Nokre av desse har namn på russisk, medan andre ikkje har namn i det heile. Dei store, permanente øyane (frå aust til vest) er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk: Om opphavet til Moskva Arkivert 2007-10-27 ved Wayback Machine.
  2. Russisk: Энциклопедия "Москва", M, 1997 (Encyclopedia of Moscow, Moscow, 1997)
  3. Russisk: Носарев В.А., Скрябина, Т.А., "Мосты Москвы", М, "Вече", 2004, стр.194 (Bridges of Moscow, 2004, p.194) ISBN 5-9533-0183-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Moskvaelva